Framsidefoto av skikøyrarar, Fjordbase i Florø, sunsea-plattform, gründerar på idèdugnad og kokkar frå "Taste of Måløy".

Foto: SGN skis (Sogn Avis/Håvard Nesbø), Taste of Måløy (Eivind Husabø), Fjordbase (Harald M. Valderhaug), Subsea (Høgskulen i Bergen), Gründer-etablering (Jo Bergersen).

Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025

Fylkestinget har sett folketalsutviklinga som hovudutfordring for Sogn og Fjordane. I denne verdiskapingsplanen er målet om folketalsutvikling ført vidare til ein ambisjon om arbeidsplassvekst. Folk skal ønskje å leve livet sitt her.

Verdiskapingsplanen er utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV, Kommunenes Sentralforbund, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, LO i Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane.

Planen vart vedteken i fylkestinget 11. juni 2014. Planen finn du i si heilheit på denne nettstaden, som er tilpassa alle skjermflater (PC, nettbrett, mobiltelefon osv.). Den kan også lastast ned i utskriftsvenleg format som PDF.

Vi vil gjerne at planen blir diskutert. På kvart underkapittel på desse nettsidene har du høve til å kommentere og å dele i sosiale medier. Det er flott om du legg vekt på å kommentere på den sida som er aller mest relevant for det du skriv.

Det er no laga utkast til ein industristrategi, som eit av oppfølgingspunkta til verdiskapingsplanen. Utkastet er no på høyring, med høyringsperiode fram til 28. august.

God lesnad!

Logo for samarbeidspartnarar