Foto: Maritim Opplæring (Harald Grotle), Rocketfarm

Arbeidet med verdiskaping er forankra i ein regional plan vedteken i 2014. I 2015 kom det til ein industristrategi og i 2016 vedtak om å inkludere satsinga landbruk. I juni 2018 rullerte fylkestinget verdiskapingsplanen med vekt på ei drøfting av kva vi har oppnådd så lang og kva justeringar som trengst. Desse nemnde dokumenta er gjeldande politikk.

I saka for Fylkestinget 13. juni 2018 lova administrasjonen ei kortutgåve som sydde saman desse dokumenta.

Fylkeskommunen har sett på kva tema i verdiskapingsplanen som i særleg grad vil ha nytte av impulsar frå internasjonalt samarbeid. Ut frå denne gjennomgangen vart det formulert eit dokument «priorities for international cooperation»

Framside av PDF-fil

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Framside PDF-fil

Priorities for international cooperation

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Verdiskapingsplanen er partnarskapen sin plan. Partnarskapen på leiarnivå – næringsforum – er leia av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er samansett slik:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
KS – Sogn og Fjordane
NAV – Sogn og Fjordane
Fiskeridirektoratet Region Vest
NHO – Vestlandet
LO – Sogn og Fjordane
Innovasjon Norge – Vestland
Høgskulen på Vestlandet
Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Nærings- og kulturavdelinga og Opplæringsavdelinga

 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Innovasjon Noreg, LO, Høgskulen på Vestlandet, NAV, KS, NHO, Fiskeridirektoratet