1 Verdiskapingplan – kvifor og for kven?

Kvifor?

Arbeidet som vert initiert gjennom verdiskapingsplanen, skal medverke til auka folketal i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer å utvikle eit arbeidsliv som gir attraktive arbeidsplassar. Dette føreset at det offentlege og det private arbeider godt saman. Sogn og Fjordane skal vere ein konkurransedyktig region. Vi skal vere ein attraktiv lokaliseringsstad for verksemder. Folk skal ønskje å leve livet sitt her.

Verdiskaping

Arbeidet bygger på ei slik forståing av omgrepet verdiskaping:

  • Planen er avgrensa til økonomisk verdiskaping med hovudvekt på utvikling av privat næringsliv.
  • Verdiskaping i offentleg sektor vert konsentrert om prioriterte satsingar i næringslivet. Viktige døme; ressursforvaltning, utvikling av infrastruktur, transport og kunnskapsutvikling

Når verdiskaping er brukt som økonomisk uttrykk er dette summen av overskot og lønskostnader. Verdiskaping i offentleg sektor er her lønskostnader. Offentleg tenesteyting har om lag 35 prosent av sysselsettinga i fylket og er ein viktig del av verdiskapinga vår.

Verdiskaping er å produsere noko som er nyttig, enten i seg sjølv, eller fordi godet skal brukast vidare i ein annan samanheng. Verdiskaping skaper direkte eller indirekte velferd. Verdiskaping som omgrep skil ikkje på om produksjon er organisert offentleg eller privat. Det er såleis ikkje slik at det private arbeidslivet skaper og det offentlege forbrukar; opplæring er til dømes like skapande om arbeidet skjer i offentleg eller privat regi.

Verdiskaping handlar også om verdival og om å vege interesser mot kvarandre.

Målet om verdiskaping kan både  harmonere og komme i konflikt med andre samfunnsmål

Målet om verdiskaping kan både harmonere og komme i konflikt med andre samfunnsmål

Det er naturleg å arbeide med verdiskaping slik at omgrep som berekraftig utvikling og bedrifter med samfunnsansvar vert gitt reelt innhald.

Partnarskapen sin plan for verdiskaping

I planlova står det: «regional plan skal legges til grunn for regionale organers virksomhet og for kommunal og statlig planlegging og virksomhet i regionen». Formelt er dette ein plan vedteken av fylkestinget.

Skal vi oppnå resultat, må partnarskapen, det vil seie organisasjonane i næringslivet, regional stat og kommunar, slutte seg til innhaldet og sjå verdiskapingsplanen som sin.