10.1 Utgangspunktet

Foto: Frode Hovland

Foto: Frode Hovland

Ambisjonen Noreg – verdens fremste Sjømatnasjon er viktig for Sogn og Fjordane. Ambisjonen krev kunnskapsutvikling både i næringa og i forvaltninga. Dei store utfordringane på miljøsida må løysast gjennom forskingsinnsats på nasjonalt nivå og i regi av dei store konserna. Delar av kunnskapsgrunnlaget må utviklast lokalt, vi treng kunnskap om økosystema våre, særleg fjordane og dei nære kystområda. Utvikling av sjømatnæringa krev berekraftig ressursforvaltning.
Havbruket er den delen av sjømatnæringa med størst vekst; produksjonen av laks og aure er nær dobla siste sju åra. Oppdrettsnæringa i fylket held same veksttakt i produksjonen som for landet totalt. Stort sett all laks og aure som blir produsert i fylket, blir selt som fersk eller frosen heil fisk.

Tal bedrifter frå 2004 til 2012 er redusert med 31 prosent nasjonalt og 18 prosent i fylket. Dei største selskapa innan oppdrettsnæringa i Norge er óg dei største på globalt nivå. Det har tidlegare vore relativt stor utviklingsaktivitet innan marine artar og skaldyr i fylket. Biologiske og ikkje minst økonomiske utfordringar har ført til ei avskaling slik at det i dag er aktivitetar med ei marginal verdiskaping. Det som er igjen av verdikjeda innan torskeoppdrett er i all hovudsak lokalisert til fylket.

Innan fiskeria har det over tid vore ei stor avskaling i tal fiskefarty, ved at fiskekvoter gjennom ei planlagt restrukturering er samla på færre og større båtar, med tilhøyrande fall i talet fiskarar. Over 80 prosent av landingar til fiskeindustrien i fylket kjem frå farty over 28 meter.

Strukturen på industrisida blir óg påverka, der mindre mottak blir nedlagde, og dei attverande blir større. Det er ein variert bedriftsstruktur innan både fiskeflåten og havbruk. Fiskeindustrien er mest konsolidert. Ytterlegare konsolidering i pelagisk konsumindustri kan få negativ verdiskapingseffekt i fylket, særleg målt i sysselsetjing.

Sjølv om det ikkje er venta ein auke i fiskefangstar framover, har fylket styrka sin relative posisjon dei siste åtte åra. Dette har vi gjort ved å ta imot ein aukande del av samla landingar av fiskefangstar i Noreg og samstundes betale høgare prisar til fiskar enn gjennomsnittet. Det har dei siste åtte åra vore vekst i landingane av fiskefangstar til fiskeindustrien i fylket.

Verdiskapinga frå verdikjedene i sjømatnæringane (akvakultur, fiske og trading) i 2012 var 1600 årsverk i sysselsetjing og med ei samla verdiskaping på 1,3 mrd. kr i 2012.

Verdier i Tnok2012Verdiskaping
Sum2191 6311 256 9141 687 5261 908 246
VerdikjedeBedrifterÅrsverk201220112010
Totalt Akvakultur81494398 172806 2221 014 883
Totalt Fiske119960687 442694 503673 992
Totalt Trading19177171 300186 801219 371

Ettersom verdiskaping er eit resultatmål (lønnskostnad + driftsresultat) vil det variere mykje frå år til år. I 2010 og 2011 var verdiskapinga frå akvakultur til dømes størst, medan det i 2012 var fiskeria i Sogn og Fjordane som hadde størst verdiskaping. (Sjå vedlagt rapport frå arbeidsgruppe for føresetnadene for talmaterialet.)

Ringverknadsanalysane som er gjennomgått, peiker på nokre fakta og konklusjonar som er viktige å ha med seg i det vidare arbeidet:

  • Leverandørindustrien er viktig for innovasjonsevna og auka produktivitet i dei marine næringane. Dette må til for å oppretthalde konkurransekraft og ei berekraftig utvikling.
  • Fylket har ingen bransjeretta kompetansemiljø med tyngde eller kapasitet og få andre bransjeretta leverandørar.
  • Fylket har ingen kunnskapsmiljø med kompetanse innan sjømatnæringane utover vidaregåande opplæring.
  • Oppdrett av laks og aure er det segmentet i sjømatnæringa som skapar dei høgaste årsresultata (høgast gjennomsnittleg lønsemd).Også foredling (kvitfiskindustrien med i dette talgrunn-laget) og sal/eksport syner positive årsresultat. Resultat i fiskerileddet er marginale.
  • Nyetableringar innan marine næringar ligg under nivået for resten av Vestlandet, og det er større nedgang i tal nyetableringar i Sogn og Fjordane enn nabofylka.

Det er fleire faktorar som er felles på tvers av sektorane i næringa:

  • Svake sider:
    • manglande kunnskaps- og kompetansemiljø
    • lite leverandørmiljø
    • svakt vegsamband på kysten
    • manglande storflyplass
    • utfordring med rekruttering av fagfolk (attraktivitet i lokalsamfunn, konkurranse olje/offshore, statusen til sjømatnæringane).
  • Trugsmål:
    • interessekonfliktar i kystsona/manglande kystsoneplanar
    • forureining havområda
    • tape lokalt eigarskap gjennom konsolidering innan fiskeflåte og oppdrettsnæringa
    • manglande politisk prioritering av sjømatnæringane.
  • Moglegheiter:
    • auke verdskaping ved auka foredlingsgrad/produktutvikling
    • auka utnytting av biprodukt/ restråstoff
    • auke innovasjonsevna gjennom samarbeid i sjømatnæringane (både innan kvar sektor men óg på tvers av sektorar). Her ser vi for oss samarbeid med regionale styresmakter, med leverandørar i og utanfor fylket og bransjeretta kunnskapsmiljø utanfor fylket.

Ei meir utfyllande vurdering av havbruk og fiskerinæringa går fram av framlegg frå arbeidsgruppe.