10.2 Målsetting

Skal dei marine næringane lukkast med ei ambisiøs auke i verdiskapinga framover vil faktorar som berekraft, produktivitetsforbetringar, innovasjonsevne og produkt- og marknadsutvikling vere sentrale.

Grafisk framstilling av potensial for marin verdiskaping

Potensial for marin verdiskaping

Visjon:
Sjømat frå Sogn og Fjordane skal kjennast att på høg kvalitet, og der vi gjennom alle ledd i verdikjeda har omsut for natur, miljø og dyrevelferd og har nytta best tilgjengeleg kompetanse og teknologi .

Samarbeid mellom havbruk, kyst- og havfiske, fiskeindustri, sal og eksport er ein føresetnad for å lukkast.

Hovudmål 1: Auke verdiskapinga frå sjømatnæringane i verdikjeda frå hav til bord

Delmål 1.1 Forsterke havbruksnæringa som motor for ei marin verdiskaping i fylket, og legge til rette for ei berekraftig auke i produksjonen av laks og aure på 4 prosent årleg.

Delmål 1.2 Auke verdiskapinga i fiskeindustrien fram til 2025 gjennom produktivitetsforbetringar, produktutvikling, auka foredlingsgrad og utnytting av biprodukt.

Delmål 1.3 Auke verdiskapinga frå lite utnytta marine ressursar.

Delmål 1.4 Bidra til opparbeiding, hente inn og formidling av kunnskap som grunnlag for kunnskapsbasert forvalting og utvikling av sjømatnæringane.

DelmålMåleindikatorar2012201720212025EndringMåletidspunkt
Delmål 1.1Slaktekvantum (tonn s. v.)111 802136 000158 000185 000+4 % årlegÅrleg
Slaktekvantum i % av Norge9 %10 %11 %12 %+3 %Årleg
Driftsresultat (NOK mill.)205,6295,0385,0450,0120 %Årleg
Sysselsetjing i havbruksnæringa494504556619+1.7 % årlegÅrleg
Lokalitets-MTB (tonn)232 878257 116289 386325 707+3 % årlegÅrleg
Delmål 1.2Relativ andel i landingar (tonn)7,0 %8,0 %9,0 %10,0 %+3 %Årleg
Relativ andel i landingar (verdi)8,0 %9,0 %9,5 %10,0 %+2 %Årleg
Sysselsetjing i fiskeindustrien (årsverk)384384384384UendraMilepel
Delmål 1.3Slaktekvantum oppdrettstorsk (tonn)1 7053 0004 5006 000+10 %Milepel
Etablerte lønsame verksemder+1+2+3Milepel

Det vert føresett at volumauke skjer basert på dokumentert kunnskap om kva naturmiljøet toler Næringa må ta eit stort finansieringsansvar for å løyse problema med lus, sjukdom og rømming. Det offentlege må ta ansvar for
arealtilgang basert på god kunnskap om lokale naturforhold. Det må vurderast insentiv for å regulerer areal, til dømes arealavgifter.

Hovudmål 2: Styrkje tilgang til kompetanse og arbeidskraft

Delmål 2.1 Utvikle ei attraktiv fagutdanning i vidaregåande opplæring retta inn mot verdikjedene i sjømatnæringane.

Delmål 2.2 Styrkje rekrutteringa til fiskeflåten.

Delmål 2.3 Utvikle desentraliserte læringsarenaer for å oppdatere kunnskapsgrunnlaget hjå tilsette i sjømatnæringane (sjå også satsingsområde kunnskap).

For delmål 2.1 og 2.2 har arbeidsgruppa føreslege følgjande konkrete ambisjonar:

DelmålMåleindikatorar2012201720212025EndringMåletidspunkt
Delmål 2.1Tal søkjarar akvakultur (VK2)3101030+27 eleverÅrleg
Tal søkjarar fiske og fangst (VK2)5101215+5 eleverÅrleg
Etablert undervisningskonsesjon1100 %Milepæl
Delmål 2.2Relativ andel fiskekvoter heimehøyrande i Sogn og Fjordane4,4 %4,4 %4,4 %4,4 %UendraMilepæl
Relativ andel yngre hovudfiskarar < 30 år21 %22 %23 %25 %+5 %Årleg

Hovudmål 3: Auke ringverknadene frå sjømatnæringa i Sogn og Fjordane

Delmål 3.1 Auke aktivitet og verdiskaping i tilknytte næringar og leverandørar av varer og tenester til sjømatnæringane.