10.3 Aktivitet for å nå måla

Innsatsen for å nå målet har slik struktur med plassering av hovudansvar:

Lysbilde-4
Avtale: Arealplanlegging

Tilgang til areal er ein av dei største føresetnadane for ein framtidig berekraftig vekst i akvakultur-næringa (hovudmål 1). Fylket har mellom anna ein unytta produksjonsakse frå indre fjordstrok til ope hav med eit betydeleg verdiskapingspotensial.
Areal omfattar sjøareal til produksjon av laks, aure og torsk (pr. i dag). Det er viktig å ivareta sjøareal som har stor verdi for fiskeria i fylket. Det er óg behov for å legge til rette eigna næringsareal på land. Skal matfiskproduksjonen vekse, må smoltproduksjonen aukast på etablerte og nye anlegg i fylket. Det bør vere eit mål å sikre størst mogleg eigenproduksjon for å unngå sjukdomsrisiko relatert til «import» av smolt til fylket. Vidare er det behov for å sikre både fiskeindustri og leverandørindustri høvet til å utvikle seg gjennom eigna næringsareal på land og sjø, inkludert hamner og kaianlegg.
Planarbeidet skal bidra til oppdatering av kystsoneplanar der ein legg opp til samarbeid på tvers av kommunegrenser. Det er òg viktig å vidareutvikle det gode samarbeidet både mellom næringa og forvaltingsetatane og forvaltingsetatane seg imellom. Arbeidet skal bidra til å sikre areal både på sjø og land for vidareutvikling av oppdrettsnæringa. Arealplanlegginga må bygge på kunnskap om miljøforsvarleg utvikling av næringa.

Program rekruttering og kompetanse innan sjømatnæringane

Både fiskeri- og akvakulturnæringa blir av ungdommen oppfatta som lite attraktive karrierevegar. Det skal difor vere eit mål for programmet å utvikle eit så attraktivt utdanningsopplegg på vidaregåande skule at det vil tiltrekke seg mange søkjarar. Skal vi lukkast i dette, må vi tenke nytt og bygge på eit samspel mellom dei vidaregåande skulene, sjømatnæringane og kunnskapsinstitusjonar.

Ein annan flaskehals er å få ein betre balanse mellom yngre og eldre fiskarar i fylket. Som element i dette bør vi vurdere oppretting av eit «rekrutteringsfond» for å bidra med eigenkapital for å hjelpe ungdom inn i fiskaryrket.

Å sikre kompetanse gjennom desentraliserte undervisningstilbod tilpassa dei som har sitt virke i bedriftene, vil vere svært viktig for sjømatnæringane. Fiskeindustrien rekrutterer i stor grad arbeidskraft frå utlandet. Her vil det vere viktig å ha med eit integreringsperspektiv i arbeidet.

Avtale: Innovasjon og nyskaping i sjømatnæringane

Vi ser føre oss eit framtidsbilde med større marin verdiskaping enn i dag. Då er det viktig å ha med seg at innføring av ny teknologi, nye driftsformer og behandlingsmåtar blir vesentleg for ei miljømessig berekraft og økonomiske resultat i sjømatbedriftene. Dersom naturmessige høve kjem til å bety mindre, og teknologi meir, i framtida, betyr dette også at fortrinna fylket har på areal og natur ikkje vil vere så stor positiv konkurransefaktor. Etterhenget i teknologi kan også medføre tap av berekraft og konkurransekraft.

Innovasjon er hovudkjelda til produktivitets-forbetringar og auka konkurransekraft i sjømat-næringane. Innovasjon finn ikkje berre stad som nye bedriftsetableringar, det kan óg realiserast gjennom at eksisterande bedrifter tek i bruk nye driftsformer, produksjonsmetodar, teknologi, eller at ein utviklar nye produkt eller tenester.
Arbeidet skal femne om sjømatnæringane som heilskap og leverandørindustrien.

Politiske utfordringar

Viktige politiske utfordringar:

  • Prioritere kunnskapsutvikling for å sikre berekraftig utvikling av sjømatnæringane.
  • Påverknad nasjonalt og internasjonalt for å redusere risiko for ureining av havmiljøet. Sjømatnæringa er avhengig av reint vatn i kyst og fjordstrok, for å kunne oppretthalde hausting av fiskeressursar og auke oppdrettsproduksjon.
  • Kunnskapsgrunnlag for å avklare interesser og sikre forsvarleg miljøtilstand:
    • Mogeleg handtering av utrangerte oljeplattformer eller reparasjon og vedlikehald av oljeplattformer må i tilfelle sikrast i høve ureining langs kysten.
    • Sogn og Fjordane har enno god plass til fleire akvakulturlokalitetar og auka produksjon gitt at kunnskapsgrunnlaget vert utvikla. Vi bør arbeide for at nye konsesjonar kjem til fylket.
  • Arbeide for å oppretthalde lokalt eigarskap gjennom å sikre gode rammevilkår for små og mellomstore sjømatbedrifter.
  • Arbeide for ringverknader ved at vertskommunane får rimeleg del av verdiskapinga.
  • Politisk arbeid for å utvikle verkemiddelordningar som styrkjer innovasjon og nyskaping:
    • Styrkje ordningar med offentlege utviklingsmidlar/ eigenkapital i perioden mellom gründerfasen og kommersialisering.
    • Politisk påverknad for å utvikle nasjonale finansieringsløysingar for å støtte teknologiutvikling og utprøving av pilotar (prototypar).
    • Prioritere bedriftsutviklingsmidlar retta inn mot produkt- og marknadsutvikling (ref. delmål 1.2). Konkurransetilhøva for industrien krev spissa satsing på kvalitetsprodukt som er tilpassa direkte konsum.
    • Storparten av verdikjeda for torskeoppdrett er lokalisert til vårt fylke. Det er behov for å ta vare på kompetansen som er bygd opp rundt torskeoppdrett og marin yngelproduksjon.
Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto