11.1 Utgangspunktet

s 44 reiseliv

Kajakkpadling på Nærøyfjorden. Foto: Lisbeth Bringebøen

Eksisterande reiselivsplan

Fylkestinget vedtok i juni 2010 ein reiselivsplan for Sogn og Fjordane frå 2010 til2025. I samband med utarbeiding av regional plan for verdiskaping og erfaringar i gjennomføringa av reiselivsplanen så langt, er det trong for nokre justeringar i opphavleg dokument. Justeringane gjeld omsynet til mål og organiseringa av planarbeidet. Reiselivsplanen frå 2010 legg grunnlaget for denne temasatsinga i verdiskapingsplanen og byggjer på planen som er vedteken tidlegare.

Visjon for arbeidet

Sogn og Fjordane fylkeskommune har denne visjonen for utviklinga av reiselivet fram mot 2025:

Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse

Sogn og Fjordane skal bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet i møte med engasjerte menneske og unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar, kyst og hav – som skal styrkje grunnlaget for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket.
Vi skal levere lokalt særpreg, høg kvalitet, engasjerte menneske, trivsel og berekraftige opplevingar i verdsklasse i unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar, kyst og hav. Profilen i fylket er:

«Fjordane frå bre til hav»

Det er lagt fram ein ny nasjonal reiselivsstrategi i 2011 «Destinasjon Norge» som satsinga er forankra i og der gjennomføringa av denne på nasjonalt hald vil legge føringar for arbeidet med satsinga.
Vi har identifisert sju strategiske handlingsområde som utgjer ramma som moglege tiltak vert definerte innanfor, og som bør vere dei prioriterte områda vi arbeider innanfor. Desse handlingsområda er:

  1. Samhandling
  2. Berekraft
  3. Produktutvikling
  4. Verkemiddelbruk og private investeringer
  5. Infrastruktur
  6. Marknadskommunikasjon
  7. Kunnskap og kompetanse

Ståstaden – utgangspunkt og utfordringar

Reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane er prega av mange små bedrifter der marginane er små, og der det er utfordrande å få til investeringar og utviklinga av verksemda. Vidare er reiselivet i hovudsak sesongbasert med få heilårsarbeidsplassar. Kostnadsnivået er høgt og ikkje konkurransedyktig i eit internasjonalt perspektiv. Men fylket har naturattraksjonar i verdsklasse, og naturen og det levande kulturlandskapet gjer fylket til eit eksotisk reisemål for resten av verda. Reiselivsbedriftene nyttar i stor grad naturen som attraksjonskraft for tilreisande og tilbyr i mindre grad opplevingsbaserte produkt sjølv om denne trenden no er i ferd med å snu.

Hovudutfordringa i næringa er å få til auka lønsemd som gjev grunnlag for utvikling av verksemdene og fleire arbeidsplassar som er heilårlege. Samstundes må reiselivsverksemda vere berekraftig med omsyn til miljø og sikre at lokalsamfunna taklar stor reiselivsverksemd, og at verdiskapinga aukar lokalt.

I arbeidet med å auke tal gjestedøgn må kapasitetsutnytting og turismeaktivitet over heile året prioriterast. Hovudattraksjonane må sikrast lengre sesongar. Vi må ha ei samordna og forsterka satsing på trafikk heile året, som går både på ferie-, fritids-, kurs- og konferansemarknaden.

Ein stor del av ”reiselivsproduktet Sogn og Fjordane” er ikkje synleg på SSB-statistikken. Dette gjeld i stor grad baseferieprodukt som er eit viktig satsingsområde, men også båtturisme som er ein del av den prioriterte innanlandske marknaden. Utan påliteleg statistikk vert det vanskeleg å måle utviklinga på desse prioriterte områda. Dette kan føre til feil ressursbruk i høve til prioriterte produkt og geografiske område. Difor er statistikkgrunnlaget ei hovudutfordring.

I 2006 vart det identifisert sju utfordringar for opplevingsnæringane på Vestlandet (SNF -rapport 07/06). Utfordringane var styrking av

  1. felles profilering
  2. samordning/nettverk
  3. samarbeid mellom små og store reiselivsaktørar
  4. FoU, kursing og kunnskapsutveksling
  5. IKT – bruk; opplæring og systemutvikling
  6. berekraft og geoturisme i praksis
  7. marknadskunnskap for marknadsbasert produktutvikling

Handlingsplan: 8.1 Bakgrunn