11.2 Overordna og langsiktige effektmål

Sogn og Fjordane skal bli ein av verdas fremste regionar for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet i møte med engasjerte menneske og unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar, kyst og hav – som skal styrkje grunnlaget for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket.

  1. Auka verdiskaping
  2. Fleire heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringa
  3. Eit meir berekraftig reiseliv

Dei to første måla består av fleire måleindikatorar som vi ser føre oss kan gje eit samla bilete på om vi når målet om auka verdiskaping og fleire heilårsarbeidsplassar. Reiseliv er ei næring som er sterkt avhengig av konjunkturar og utviklinga må sjåast i eit langt perspektiv. Målsettinga om eit berekraftig reiseliv er gjennomgåande for satsinga og skal prege vurderingar og tiltak som vert sette i verk.

Handlingsplan: 8.2 Målsetjing