11.3 Aktivitet for å nå målet

Innsatsen for å nå målet har slik struktur med plassering av hovudansvar:
Lysbilde-6Avtale: Berekraftig reiseliv

Eit berekraftig reiseliv omhandlar tre sett av verdiar: miljømessige, sosiale og økonomiske . Tiltak og vurderingar som vert gjort i utviklingsarbeidet, skal alltid vurderast opp mot desse ti prinsippa.

Ti prinsipp for eit berekraftig reiseliv

Ta vare på natur, kultur og miljø
1. Kulturell rikdom
2. Ta vare på og vidareutvikle landskapet sin fysiske og visuelle integritet
3. Biologisk mangfald
4. Miljø og ressurseffektivitet

Styrking av sosiale verdiar
5. Å ta vare på og styrkje lokal livskvalitet og sosiale verdiar
6. Lokal kontroll og engasjement
7. Jobbkvalitet for reiselivstilsette
8. Tilfredse gjester og tryggleik; opplevingskvalitet

Økonomisk levedyktig
9. Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsdestinasjonar gjennom lokal verdiskaping
10. Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter

Program for infrastrukturutvikling: Fleire heilårsarbeidsplassar gjennom auka tilgjengelegheit og fleire gjestedøgn

Målsettinga med denne satsinga er å oppnå auka turistvolum i fylket gjennom utvikling, drift og koordinering av infrastruktur og andre fellestiltak. Fagutdanning og kunnskapstilgang er viktig for at reiselivsnæringa i fylket kan løfte seg. Kompetanseheving og evne til å ta i bruk kunnskap er óg viktig for at reiselivsaktørane kan ha evne til å omstille seg i takt med trendar og marknader.
Hovudansvar vert lagt til infrastrukturprogrammet. Det skal arbeidast med å utvikle ei reiselivskunnskapsklynge i fylket, med utgangspunkt i kunnskapsmiljøet i Sogndal.

Resultatmål:
1. Auke i tal gjestedøgn samla sett.
2. Auka tal gjestedøgn i skulder- og vintersesong. Auken i skulder- og vintersesong skal ha høgare prosentvis vekst enn samla vekst.
3. Auke i besøkstal ved «fyrtårnsattrraksjonar».
4. Etablere ei reiselivskunnskapsklynge i fylket med utgangspunkt i kunnskapsmiljøet i Sogndal.

Diagram23

Måleindikatorar er under arbeid

Avtale om bedriftsretta innsats: Auka verdiskaping – fleire og sterkare reiselivsbedrifter i Sogn og Fjordane

Målsettinga for denne delen av reiselivssatsinga er å auke verdiskapinga hos
reiselivsbedriftene gjennom utvikling av bedriftene, bedriftene sine aktivitetar og bedriftsretta tiltak.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Solveig Mork Holmøyvik

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Solveig Mork Holmøyvik

Resultatmål:

  1. Auka verdiskaping i hotell- og restaurantnæringa.
  2. Auka verdiskaping i opplevingsnæringa.
  3. Auka i tal tilsette i reiselivsnæringa samla sett.
  4. Auke i etableringar av reiselivsverksemder og opplevingsverksemder.

Indikatoren som omhandlar utvikling i tal tilsette er eit mål som kan seie noko om det vert skapt fleire arbeidsplassar i næringa. Kategorien må då bestå av dei tradisjonelle næringane, men aktivitetssegmentet må óg inngå i dette. Den siste indikatoren går på etableringar av nye reiselivsrelaterte bedrifter. Denne indikatoren seier noko om det vert skapt nye arbeidsplassar, og kan måle noko av innsatsen som vert gjort direkte ut i mot bedriftsnivået.

Diagram24

Måleindikatorar er under arbeid

Politiske problemstillingar

Reiselivsnæringa i distrikts-Norge er avhengig av nasjonale rammevilkår for å utvikle seg, og for at ressursane i fylket kan nyttast fullt ut. Nedanfor er det lista opp kritiske suksessfaktorar som må løftast politisk for å nå måla.

  • Fellesgodefinansiering.
  • Offentleg finansiering av destinasjonsselskap som pådrivarar for reiselivsutvikling i sine regionar.
  • Utnytting av verneområde i fylket til bruk i reiselivsverksemd.
  • Trong for utvikling av gode måleverktøy for utvikling av reiselivsnæringa med omsyn til mellom anna gjestedøgn.

Handlingsplan: 8.3 Hovudaktivitet med milepælar