12.1 Utgangspunktet

Ingeniørstudiet i undervannsteknologi i Florø forsyner olje- og gassindustrien og næringslivet i kommunen med høgt etterspurt kompetanse. Foto: Høgskulen i Bergen (HiB)

Ingeniørstudiet i undervannsteknologi i Florø forsyner olje- og gassindustrien og næringslivet i kommunen med høgt etterspurt kompetanse. Foto: Høgskulen i Bergen (HiB)

«Sogn og Fjordane mot 2030 – utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet» vart lagd fram 20. januar 2013 etter ein brei og inkluderande prosess. Det er rasjonelt å byggje på denne i samband med realisering av verdiskapingsplanen.
Petroleumsrådet tek overordna ansvar for oppfølging av planen, mens Maritim foreining Sogn og Fjordane får ansvar for leverandørutvikling. Måla for arbeidet går fram under omtale av desse aktørane i teksten som følgjer.

Rapporten «Sogn og Fjordane mot 2030 – utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet»

«Sogn og Fjordane mot 2030 – utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet» vart lagd fram 20. januar 2013. Arbeidet vart gjort i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med fylkesordførar (og leiar av petroleumsrådet) som leiar av styringsgruppa. Rapporten vart utarbeidd av Agenda Kaupang ved Erik Holmelin.
Analysen er utvikla med stor grad av medverknad. Det vart arrangert to større arbeidsseminar med over 100 deltakarar. Mange av desse (og andre) bidragsytarane vart også engasjerte mellom seminara gjennom møte og annan kontakt. Med ein så omfattande prosess så nær i tid, er det rasjonelt å leggje denne rapporten til grunn for vidare utvikling innan olje og gass i Sogn og Fjordane.
Rapporten oppsummerer analysen av eigne sterke og svake sider samt kva som er mogleg og kva som truar slik:

  • Utnytt geografisk nærleik til petroleumsfelta ved å
    • gi Fjord Base høve til utvikling
    • tilby eit breiare spekter av tenester til petroleumsverksemda
    • satse på offshore-marknader i vekst
  • Utvikle infrastruktur som kystvegen, flytilbodet, bustader og bu kvalitet i Florø
  • Eit tettare næringssamarbeid; mellom anna:
    • Maritim foreining som marknadsførar og paraplyorganisasjon
    • Samarbeid om engineering og verkstadsamarbeid
  • Utvikling av offshoreretta utdanningstilbod
  • Utvikling av kapitalbase for risikokapital
  • Viktige verdiar: politisk semje og lobbyarbeid

Det vert føresett at petroleumsrelaterte inkluderer opphogging av utrangerte plattformer. Aktiviteten må tilfredsstille strenge miljøkrav.

Handlingsplan: 6.1 Bakgrunn