12.3 Aktivitet for å nå målet

Basert på rapporten vert ansvar for oppfølging av arbeidet fordelt slik:
Lysbilde-7

  • Fylkeskommunen tek gjennom petroleumsrådet ansvar for politisk påverknadsarbeid og formalisering av samarbeidsavtalar med aktuelle kommunar, spesielt Flora.
  • Maritim foreining Sogn og Fjordane får ansvaret for å utvikle leverandørnettverket.
  • Maritim foreining Sogn og Fjordane og oljeselskapa hjelper bedriftene i kvalifiseringsarbeidet, slik at dei kan få innpass i petroleumsmarknaden.

Petroleumsrådet – oppgåver og mål

Petroleumsrådet vart oppretta av fylkestinget i 2005. Petroleumsrådet skal ifølgje vedtektene ha fem medlemer og vere samansett av

  • fylkesordføraren (som er leiar)
  • ein medlem frå hovudutvalet for plan og næring
  • ein ordførar frå ein kommune med særleg interesse i sektoren
  • to fagpersonar som har god kunnskap om næringa

Mandatet til petroleumsrådet er å arbeide for å styrkje industriell utnytting av olje- og gassressursane i Sogn og Fjordane. Petroleumsrådet skal halde seg oppdatert om utviklinga innan olje- og gassektoren og prioritere særleg desse felta:

  • Feltutbyggingar
  • Ilandføring
  • Industriell utnytting av gass på land
  • Florø som drifts- og baseby
  • Konsesjonsrundar

Petroleumsrådet skal representere fylket når det gjeld kontakt med oljeselskap, styresmakter og andre.

Vedtektene definerer ikkje tydelege eksplisitte mål for arbeidet, men i lys av utviklingsanalysen, vil naturlege målsettingar vere:

  • Vekst i petroleumsrelatert sysselsetting og i Sogn og Fjordane.
  • Fleire operatørselskap etablert i Sogn og Fjordane (og fleire arbeidsplassar innan operatørselskapa).
  • Fleire leverandørselskap innan sektoren etablert i Sogn og Fjordane (og fleire arbeidsplassar innan desse).
  • Fleire funksjonar til fylket og høgre kompetanseinnhald i denne delen av næringslivet.

For å sikre eit sterkast mogeleg petroleumsmiljø i fylket, er det viktig at vi prioriterer miljøet knytt til oljebasen i Florø. Underleverandørar til petroleumsaktiviteten kjem frå ulike delar av fylket.

Måleindikatorar skal utviklast med Maritim foreining Sogn og Fjordane som hovudkjelde:

  • Tal på operatørselskap i fylket og omfanget av funksjonar desse legg til fylket.
  • Sysselsette og økonomisk utvikling i det registrerte leverandørnettverket.
  • Tal nye leverandørverksemder som får innpass i petroleumsmarknaden.
  • Tal på sysselsette i næringa vil det derimot vere vanskeleg å få oversikt over. Føresetnad: tilgang til data gjennom nasjonale undersøkingar.

Maritim foreining Sogn og Fjordane – oppgåver og mål

Maritim Foreining Sogn og Fjordane (MFSF) er ei interesseforeining for maritime og offshorerelaterte verksemder i Sogn og Fjordane. MFSF har 60 medlemsverksemder som er lokalisert i 14 av dei 26 kommunane i fylket. Meir informasjon på http://maritimsfj.no/

MFSF har teke tak i utfordringane frå «Sogn og Fjordane mot 2030 – utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet» gjennom programmet «Supply Chain Network Sogn og Fjordane». Programmet har som overordna mål at leverandørindustrien i Sogn og Fjordane i løpet av fem år skal doble petroleumsrelatert omsetning i høve til 2013.

Programmet har følgjande hovudmål:

  • Strategisk arbeide for at verksemder får størst mogleg ringverknader av feltutbyggingar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
  • Prosjektet skal medverke til å utvikle og kvalifisere leverandørverksemdene gjennom styrka samarbeid, kompetansebygging, marknadskunnskap og synleggjering
  • Auke dei regionale ringverknadane av eksisterande og nye feltutbyggingar samt riving av utdaterte installasjonar.
  • Bindeledd mellom leverandørar og oppdragsgjevarar.

Handlingsplan: 6.3 Underleveranser – hovudaktivitetar med milepålar