14.1 Organisering av det vidare arbeidet

Arbeidet er organisert slik:
Lysbilde-1Næringsforum

Partnarskapen forpliktar seg til å gjennomføre planen gjennom samarbeidet i Næringsforum. Forumet er sett saman av aktørar som forpliktar seg til å legge ressursar inn i planen.
Dei faste medlemmene er:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune, leiing og sekretariat
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Kommunane v/ KS
  • Landsorganisasjonen, Sogn og Fjordane
  • Næringslivets hovudorganisasjon, Sogn og Fjordane
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • NAV, Sogn og Fjordane
  • Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane

Verdskapingsplanen skal vere grunnlaget for arbeidet i Næringsforum. Partane skal sikre at alle relevante aktørar innan ulike satsingar er involverte, og at arbeidet deira er forankra i planen. Forumet skal leie det faglege samarbeidet og har ansvaret for å nå måla i verdiskapingsplanen.

Næringsforum kan supplere seg sjølv og ta inn aktørar som er viktige for spesielle satsingar.

Gruppa skal identifisere politiske problemstillingar og slik vere ein støttefunksjon for fylkesrådmannen.

Petroleumsrådet følgjer opp satsinga på olje og gass

Innan olje/gass er petroleumsrådet etablert som partnarskapsarena.

Petroleumsrådert vart oppretta av fylkestinget i 2005 og har desse medlemmene:

  • Fylkesordføraren (leiar)
  • Ein medlem frå hovudutvalet for plan og næring
  • Ein ordførar frå ein kommune med særleg interesse i sektoren
  • To fagpersonar med god kunnskap om næringa

Petroleumsrådet har ansvaret for satsinga innan olje og gass i verdiskapingsplanen og har dermed ansvar for å nå måla som er sette. Petroleumsrådet skal representere fylket i kontakt med oljeselskap, styresmakter og andre. Næringsforum samordnar det samla arbeidet med årlege handlingsplanar og resultatrapportar.

Alle satsingane skal ha ein leiar og ein koordinator

Kvar satsing i verdiskapingsplanen skal ha ein person som er ansvarleg for å følgje opp satsingane, og som er medlem i Næringsforum. Fylkesordføraren er ansvarleg for satsinga på olje og gass.
Kvar satsing skal også ha ein koordinatar, som har ansvaret for dagleg leiing av arbeidet. Koordinatoren skal sikre heilskap og unngå unødvendig overlapping når planen skal setjast ut i livet. Han skal legge til rette for arbeidet i Næringsforum (petroleumsrådet for olje og gass) og for politisk styre. Koordinatoren skal også legge til rette for operativt arbeid og følgje opp dei programma, retningslinene og avtalane som er skisserte i verdiskapingsplanen. Ansvarlege og koordinatorar for satsingane i verdiskapingsplanen:

Diagram26

Digitalt styrings- og informasjonsverktøy

For å sikre oversikt over alle aktivitetane og legge nødvendig grunnlag for styring av ressursbruken, skal alle nytte felles web-basert styringssystem; www.rup.no.

Innovative nettverk og effektivt partnarskapsarbeid

God planlegging handlar ikkje berre om analysar og overordna strategiar. Vel så viktig er gjennomføringsevna. Partnarskapen ønskjer derfor å utvikle arbeidsmåtar for å sikre resultatorientert og effektivt samarbeid. Her har vi nokre klare forbetringspunkt:

  • Sterkare prioritering av å nå måla og mindre vekt på fordeling av ressursar
  • Partnarskapsarbeidet må avtalefestast
  • Gode informasjonssystem for å styre aktivitetar
  • Styrke evna til å arbeide i formaliserte nettverk
  • Vi må setje læring betre i system
  • Vi treng felles omgrepsbruk
  • Ta i bruk resultata når utviklingsarbeid er fullført
  • Open informasjon om det prioriterte arbeidet (www.rup.no)