14.2 Frå strategiarbeid til iverksetjing

Næringsforum har det overordna, administrative ansvaret for å utarbeide operative årsplanar og årsrapportar for satsingane. Handlingsplanane må skissere arbeidet med iverksetjing meir detaljert enn dei strategiske planane gjer. Koordinatorane for dei ulike satsingane får hovudansvaret for å lage handlingsplanar og meir konkrete delmål for satsingane, til dømes i program. Koordinatorane får også ansvaret for å utarbeide framlegg til avtalar og retningsliner.

Iverksetting krev ressursar – partnarskapsavtalen

Partnarskapen skal også utarbeide ein fireårig partnarskapsavtale, som skal vere ferdig parallelt med første årsplan.

Partnarskapsavtalen er formelt knytt opp til verdiskapingsplanen og inneheld desse elementa:
1. Næringsforum og petroleumsrådet

a. Avtale om felles arbeidsmetode i arbeidet med verdiskapingsplanen
b. Årssyklus i arbeidet

2. Partnarskapsavtale knytt til kvar satsing

a. Ansvar
b. Om arbeidskraft til disposisjon i utviklingsarbeidet
c. Om økonomiske ressursar
d. Om felles retningsliner
e. Kunnskapsutvikling og spesielle informasjonsoppgåver
f. Anna

Årsplanen

Føremålet er å sikre god oppfølging av arbeidet. Årsplanen skal innehalde dette:

  • Målsettingar innsatsen skal knytast opp mot. Målformuleringar kan presiserast etter kvart som arbeidet skrir fram og ev. justerast etter ny lærdom, eller om det vert store ytre endringar.
  • Satsingane, prioritert fagleg aktivitet i året som kjem
  • Viktige politiske problemstillingar

Analysearbeid og vidare strategiutvikling

Vidare arbeid for å utvikle landbruksnæringa
Utviklingsarbeid er i dag basert på dokumentet «Regionalt Bygdeutviklingsprogram»; eit mål og strategidokument Landbruks- og matdepartementet krev. Staten har sterk styring med verkemidla i landbrukspolitikken. Fylkestinget ønskjer derfor at vi som del av verdiskapingsplanen løfter fram nokre prioriterte faglege utviklingstema. Sjå elles vist avsnitt 6.3 om landbruk.

Industri og bergverk som del av verdiskapingsplanen
Det er uttrykt eit klart ønske om å formulere ein samla politikk for industriutvikling. Arbeidet med utvikling av industri og bergverk vert koordinert med og i hovudsak følgt opp gjennom nyskapings-, kunnskaps- og bransjesatsingane i verdiskapingsplanen. Slik vil vi unngå overlappande satsingar.

Vi skal utvikle ein industristrategi for Sogn og Fjordane, der tema er mellom anna:

  • Politiske problemstillingar, ikkje minst rammevilkår, samfunnsansvar og berekraftig utvikling.
  • Faglege problemstillingar knytt til kunnskap, samhandlingsarenaer, produktivitetsforbetring, innovasjonsevne og produkt- og marknadsutvikling.
  • Mineralressursane som del av ein industristrategi.

Vidare arbeid for å få oversikt over mineralressursane:
Arbeidet med næringsutvikling basert på mineralressursane handlar om å vere budd når industrielle miljø vurderer teknologi og marknad som mogne. Fylkeskommunen omtalar status for dette arbeidet i Fylkesspegelen på heimesida til fylkeskommunen . Her finn du mellom anna oversikt over mineralressursane i Sogn og Fjordane. Oppgåva vidare er å ajourføre denne oversikta.

Vidare arbeid med kulturnæringane:
Verdiskapingsplanen slår fast at potensialet for verdiskaping innan kulturnæringane skal utgreiast nærare. Oppgåva vert ikkje vurdert som ei straksoppgåve og starta derfor ikkje opp i 2014.