14.3 Partnarskapsavtalar og vidare framdrift

Partnarskapsavtalar – fylkesnivået

Laget som skal omsetje planen til handling, vert sett saman for å oppnå resultat i arbeidet. Dei operative partnarane har enten tilgang til viktige verkemiddel eller representerer brukargrupper.
Vi trekker med tilbydarar av kommersielle tenester når dei får oppgåver etter anbod.
Partnarskapsavtalane knytt til gjennomføring av verdiskapingsplanen skal utformast hausten 2014. Då vert det også klart kven som skal delta i det operative arbeidet.

Forpliktande partnarskapsavtalar med kommunane

Kommunane ønskjer at rolledelinga mellom fylkesnivået og kommunenivået vert formalisert som del av det vidare arbeidet med verdiskapingsplanen. I praksis er det snakk om avtalar på to nivå, enten med einskildkommunar eller med ei gruppe kommunar (t.d. regionråd).
Fylkeskommunen tek det overordna ansvaret for arbeidet. Avtalar bør vere knytte til konkrete oppgåver, og avtalane med reisemålsselskapa kan tene som døme. Oppgåva vert løyst som del av iverksettingsarbeidet.

Handlingsplanen for 2015

Vi set i gang med operativ planlegging og aktiv innsats på følgjande program hausten 2014:

  • Satsingsområde kunnskap
  • Satsingsområde sjømatnæringar
  • Satsingsområde reiseliv
  • Satsingsområde olje og gass

Desse er valde ut med utgangspunkt i tilgjengelege ressursar (folk og pengar) og utifrå tilbakemeldingane frå høyringsinstansane.

Satsingsområdet fornybar energi treng framleis avklaring med omsyn til operativt ansvar og tilgang til økonomiske ressursar.

Satsingsområdet landbruk skal planleggast nærare før det vert inkludert i årsplanane for verdiskapingsplanen.

Arbeidet innan nyskaping vert ikkje organisert som eiga satsing. Verdiskapingsplanen har formulert ei plattform for løpande samarbeid mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen, Innovasjon Norge og kommunane v/ KS. Samarbeidet vert inkludert i den årlege handlingsplanen gjennom opplisting av prioriterte policyoppgåver. Elles planlegg dei einskilde partnarane eigen aktivitet.

Framdriftsplan for arbeidet i 2014

Framdriftsplan for arbeidet i 2014, grafisk framstilt i form av Gantt-skjemaFramdriftsplan for arbeidet etter 2014

Årssyklus:

  • Næringsforum legg i årssyklusen opp til at innspel til neste års handlingsplan og neste års budsjett vert drøfta i april/mai kvart år. Årsrapportane skal også vurderast på dette møtet. Fylkestinget skal handsame årsplanen i desember, parallelt med budsjettet. Første rapport kjem i 2016.

Fireårs syklus:

  • Første milepæl med grundig vurdering av arbeidet er i 2016, i samband med arbeidet med ny planstrategi.
  • Første hovudrevisjon er tenkt i 2018. Tidspunktet kan bli juster i arbeidet med ny planstrategi.