13 Satsing på landbruket

Bakgrunn – ei spissa satsing gjennom Verdiskapingsplanen

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 9. desember 2014 at det skulle lagast ein plan for landbruket under Regional Plan for verdiskaping.

I Verdiskapingsplanen er hovudutfordringa og målsettinga auka folketal, og med ein ambisjon om ein netto årleg arbeidsplassvekst på 100. Dette føreset 500 nye arbeidsplassar kvart år.

Landbruk i Verdiskapingsplanen byggjer på Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016. I denne er bredda i landbruksnæringa omtala med primærproduksjon, foredling og tenesteproduksjon. Planen vart utarbeidd i samarbeid mellom Fylkesmannen, fylkeskommunen, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Skogeigarlaget, Innovasjon Norge og KS.

Tema landbruk under Verdiskapingsplanen peikar ut nokre satsingsområde, og der det er naturleg er heile verdikjeda tatt med. Det betyr at alle næringsgreiner ikkje er nemnde, men her legg vi Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU) i botnen som ein meir omfattande utviklingsplan for landbruket.
Landbruksbasert reiseliv er ikkje mykje omtalt i dette dokumentet, her viser vi til reiselivsplanen der det mellom anna vert satsa på lokal mat og opplevingar.

Status

I dette dokumentet har vi samla informasjon om no-situasjonen for produsert volum, verdiskaping og sysselsetting. Kommuneoversikta viser verdiskaping knytt til jordbruk, skogbruk, tilleggsnæringar og landbruksbasert næringsmiddelindustri.

Tabell 1: Produsert volum i Sogn og Fjordane og prosent i høve til landet i 2014 (Kjelde: Landbruksdirektoratet).

Tabell 1: Produsert volum i Sogn og Fjordane og prosent i høve til landet i 2014
(Kjelde: Landbruksdirektoratet).

Som det går fram av tabell 1 har Sogn og Fjordane ein stor landbruksproduksjonen. I 2014 var Sogn og Fjordane sin del av den nasjonale produksjonen 68,1 % for bringebær, 26,2 % for morellar, 15,6 % for plommer, 14,7 % for geitemjølk, 8,4 % for lammekjøt og 6,8 % for kumjølk.

Oppdatert statistikk og utvikling dei 10 siste åra ligg på nettsidene til fylkeskommunen (Fylkesspegelen) og Fylkesmannen.

Figur 1: Verdiskapinga i primærproduksjonen fordelt etter driftsform i Sogn og Fjordane 2013 (Kjelde: NILF Notat 2015-13).

Figur 1: Verdiskapinga i primærproduksjonen fordelt etter driftsform i Sogn og Fjordane 2013 (Kjelde:
NILF Notat 2015-13).

I jordbruket i Sogn og Fjordane står mjølkeproduksjonen for den største verdiskapinga. Figur 1 viser at 58 % av verdiskapinga er knytt til mjølk og 22 % er knytt til sauehald. Frukt og bær kjem på ein tredjeplass med 8 %.

Tabell 2: Tal personar som er sysselsette i jord- og skogbruk og i landbruksbasert industri i 2014 i Sogn og Fjordane (Kjelde: SSB).

Tabell 2: Tal personar som er sysselsette i jord- og skogbruk og i landbruksbasert industri i 2014 i Sogn og Fjordane (Kjelde: SSB).

4840 personar i Sogn og Fjordane er sysselsette i jord og skogbruk og i landbruksbasert industri. Næringsmiddelindustrien er den største industrigreina i fylket og sysselset 39,1 % av dei industritilsette (tabell 2). Trevareindustrien er nok ikkje i like stor grad som næringsmiddelindustrien basert på lokalt råstoff.

Figur 2 viser korleis sysselsettinga i næringsmiddelindustrien er fordelt mellom ulike bransjar. Her ser vi at foredling av kjøt/fjørfe står for 32 % av sysselsettinga og meieri/iskrem for 11 %. Fiskeindustrien er også stor i Sogn og Fjordane med 31 %.

Figur 2: Sysselsette i næringsmiddelindustrien fordelt med prosent for ulike bransjar, 2013 (Kjelde: NILF Notat 2015-13).

Figur 2: Sysselsette i næringsmiddelindustrien fordelt med prosent for ulike bransjar, 2013 (Kjelde:
NILF Notat 2015-13).

Figur 3: Verdiskaping i mill. kroner frå tilleggsnæringar i landbruket delt på prosent for ulike bransjar, 2013 (Kjelde: NILF Notat 2015-13).

Figur 3: Verdiskaping i mill. kroner frå tilleggsnæringar i landbruket delt på prosent for ulike bransjar,
2013 (Kjelde: NILF Notat 2015-13).

Figur 3 viser korleis verdiskapinga innan tilleggsnæringar fordeler seg på ulike næringsgreiner. Leigekøyring er størst, tett følgd av turisme. Vidare følgjer utmark, utleige, anna tenesteyting og anna vareproduksjon. Den samla verdiskapinga for tilleggsnæringar var 133,2 mill. kroner i 2013.

Tabell 3: Tal landbruksbedrifter og verdiskaping (mill. kroner) frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og landbruksbasert næringsmiddelindustri i kommunen i Sogn og Fjordane 2013 (NILF Notat 2015- 13).

Tabell 3: Tal landbruksbedrifter og verdiskaping (mill. kroner) frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring
og landbruksbasert næringsmiddelindustri i kommunen i Sogn og Fjordane 2013 (NILF Notat 2015-
13).

Tabell 3 viser at det i 2013 var 3098 landbruksbedrifter i Sogn og Fjordane. Desse bedriftene hadde ei samla verdiskaping på 1,2 mrd. kroner. Tek vi med næringsmiddelindustrien var verdiskapinga på over 1,7 mrd. kroner. Stryn, Gloppen, Sogndal og Førde har den høgaste verdiskapinga. Dette har samanheng med dei store foredlingsbedriftene som er lokaliserte i desse kommunane. Den største verdiskapinga i primærproduksjonen finn vi i kommunane Gloppen, Stryn, Luster og Sogndal.

Meir informasjon på:
Fylkesspegelen
Nettsida hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Kva Sogn og Fjordane vil satse på

Vi har valt ut nokre satsingsområde der Sogn og Fjordane kan auke tal arbeidsplassar og verdiskaping
i landbruket. Det har vore viktig å avgrense dette til område der vi sjølve kan påverke utviklinga
gjennom eigen innsats.
Satsingsområda:
1. Verdiskaping ved produksjon og foredling

a. Omstilling og utvikling i primærproduksjonen
b. Verdikjedar med marknadspotensial
c. Landbruksbasert tenesteproduksjon

2. Sysselsetting og busetnad

a. Rekruttering til landbruket
b. Heilårs sysselsetting – frå sesongarbeidar til innbyggar
c. Eigedomsoverdraging og fritidsbustader

3. Forsking, utvikling og innovasjon

a. Samordna FoU-innsats
b. Kompetanse og rådgjeving

4. Nasjonale rammevilkår

a. Nasjonale styresmakter og nasjonal politikk
b. Regional bruk av nasjonale støtteordningar