13.1 Verdiskaping ved produksjon og foredling

Hovudmål:
Sogn og Fjordane skal auke lokal verdiskaping ved produksjon og foredling av mjølk, kjøt, frukt/bær og trevirke.

Omstilling og utvikling i primærproduksjonen

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.07

Nasjonale retningslinjer set ein stoppar for båsfjøs til kyr frå 2024. Det må difor byggjast lausdriftsfjøs for å oppretthalde mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane i tråd med dei nye krava. Dette krev store investeringar og set store krav til planlegging, finansiering og drift. I 2015 er 32 % av kyrne i Sogn og Fjordane i lausdrift. På landsplan er talet 46 %. Sogn og Fjordane er dårlegast i klassen på lausdrift saman med Aust-Agder, Troms og Hordaland.

Innan grovfôrbasert husdyrhald er det behov for eit samordna arbeid på forsking og utvikling (FoU). Dette gjeld t.d. dyrking av fôr, maskiner og reiskap, husdyrrom og innandørsmekanisering. Teknologi og kunnskap opnar for andre måtar å drive husdyrhaldet på.

Produkt frå Sogn og Fjordane bør i større grad knytast til geografisk opphav. Gamalost frå Vik, Balholm og produkt frå Lærdal Grønt er lokale varemerke på gode produkt som vert seld nasjonalt.
Dette må utviklast vidare.

Verdikjeder med marknadspotensiale

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.11

Skogeigedomane i Sogn og Fjordane er små og ligg ofte som smale striper oppover dalsida. For å sikre ei rasjonell drift og avkastning til grunneigarane må større område sjåast i samanheng. Gjennom «områdeskogbruksplanar» vert det utarbeidd ein felles plan for mange eigedommar som omfattar driftsmetodar, tid for hogst, vegbygging og rasjonell arrondering av plantefelt.

Arealet med planta skog i Sogn og Fjordane er 370 000 dekar eller om lag like stort som det dyrka arealet. Det betyr at under 2 % av arealet i fylket eller kring 15 % av det produktive skogarealet er planta skog. Planting av skog vert peika på som eit viktig klimatiltak for å binde CO2. Når Sogn og Fjordane skal ta del i denne viktige miljøoppgåva, er det viktig å plante treslag som er effektive CO2-bindarar og som er etterspurd i marknaden. Planting bør primært skje i område med etablert
skogbruk og infrastruktur, og ikkje i område som skapar konflikt i forhold til verdifulle naturområde, kulturlandskapsområde eller friluftsområde.

Frukt- og grøntnæringa i Sogn og Fjordane er ei innovativ næring i vekst. Verdien av produkta frå produsent har auka år for år og var i 2014 på 120 mill. kroner. Arbeidet har vore koordinert gjennom «Programstyret for frukt og bær» som omfattar heile verdikjeda med dyrkar, fruktmottak, rådgjeving, forsking og grossist for butikk. Dette utviklingsarbeidet må halde fram både med marknadsretting, auka produksjon, opplæring og innovasjon.

Lokal fordeling av mat omfattar bedrifter som driv vidareforedling og servering basert på norske råvarer der produksjonen har eit handverksmessig preg. Ved ei kartlegging av 52 bedrifter fann Innovasjon Norge at desse bedriftene i 2013 hadde ei samla omsetting på 100 mill. kroner. I tillegg kjem satsinga på lokalt øl med ei omsetting på 28 mill. og direktesal av frukt og bær med 20 mill.

Bedrifter som satsar på lokal mat får ei fagleg oppfølging med tilbod om kurs, bedriftsbesøk og mentor gjennom Kompetansenavet Vest som er lagt til Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Gloppen Hotell og Åmot Operagard er to av bedriftene i Sogn og Fjordane som har marknadsført seg på lokal mat. Mat har potensiale til å bli ein større del av opplevinga av Sogn og Fjordane der tilreisande i større grad kan smake på fylket. Dette krev kunnskap hos kjøkkensjefar og god logistikk for å få dei lokale råvarene fram i rett tid.

Landbruksbasert tenesteproduksjon

Dette satsar vi på: 

2016-05-18 at 14.15

«Inn på tunet» (IPT) er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel for brukaren der aktiviteten tek utgangspunkt i arbeidet og livet på gardsbruket. I Sogn og Fjordane er det kring 50 tilbydarar av ulike IPT-tilbod, og mange av tilbydarane er organiserte gjennom eit eige tilbydarnettverk. Det offentlege er den største kjøpargruppa av slike tenester. Døme på sektorar det IPT-tilbydarane leverer tenester er opplæring, tilbod for demente,
barnevern og psykiatri og rusomsorg. Det er ei stor utfordringar at kjøpargruppa ikkje har god nok kunnskap om kva IPT kan nyttast til og korleis dette kan vere gode tilbod til brukarane. Vidare er det store utfordringar med å få langsiktige kontraktar med kjøpar, noko som hemmar utviklinga av denne næringa.

Entreprenørdrift eller leigekøyring som til dømes snøbrøyting utgjer 39 % av verdskapinga innan tilleggsnæringar og er den viktigaste tilleggsnæringa i landbruket. Gjennom sal av tenester får bønder auka inntening ved å nytte erverva maskiner, kunnskap, ferdigheiter. For å kunne ta på seg større oppdrag må det etablerast formelle samarbeid, til dømes gjennom selskap som «Bygdesørvis».