13.2 Sysselsetting og busetnad

Hovudmål:
Sogn og Fjordane skal auke tal arbeidsplassar og folketalet i aktive landbruksbygder.

Rekruttering til landbruket

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.19

Landbruksfagleg utdanning skal vere eit yrkesfagleg fagtilbod til ungdom på lik linje som for andre fag. Det er viktig å halde opp og utvikle dette tilbode i Sogn og Fjordane. Fagutdanninga bør særleg rettast inn mot våre produksjonar og dei utfordringane som eit endra klima fører med seg.

Dei fleste som tek over gardsbruk har ei anna utdanning og yrkesbakgrunn. Det er difor naudsynt å sikre landbruksfagleg kompetanse til dei som tek over gardsbruk i «vaksen alder». Dette bør vere ein del av oppdraget til fagskulane.

Tilgang til arbeidshjelp er avgjerande for landbruksnæringa. Avløysarlaga har vore ein nøkkelfaktor i dette arbeidet då dei har tatt det formelle ansvaret som arbeidsgjevar og sikra rekruttering til ledige stillingar. Det må leggjast til rette for at fleire kan vere avløysar på heiltid slik at stillingane både er attraktive for ungdom og for arbeidsinnvandrarar som vil busette seg i bygdene.

Heilårs sysselsetting – frå sesongarbeidar til innbyggar

2016-05-18 at 14.21
Dersom folketalet i Sogn og Fjordane skal gå opp, må vi auke tilflyttinga frå andre land. Arbeid er ein vesentleg faktor for busetting og integrering og det må leggjast til rette for at tilflyttarar både kan kjøpe gardsbruk og bli tilsett lokalt. Språkopplæring vil vere ein viktig minimumsfaktor i dette arbeidet.

Ein stor del av sesonghjelpa er utanlandsk arbeidskraft. Frukt- og bærnæringa er særleg avhengig av denne hjelpa, men det er også mange med husdyrhald som brukar utanlandsk arbeidskraft i deler av året. Sesongarbeidarane har positive erfaringar frå Sogn og Fjordane og kan vere potensielle tilflyttarar. Då må det leggjast til rette for arbeid også i utanom sesongane i landbruket.

Eigedomsoverdraging og fritidsbustadar

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.23

Høve til å kjøpe eigedom er kanskje ein viktig faktoren for å rekruttere folk til ei bygd. Dette gjeld både eigedom for fritid, fast busetnad og næring. Fleire tomme gardsbruk bør difor leggjast ut for sal anten som sjølvstendige bruk eller ved å dele frå tunet slik at det kan seljast som bustad.

Folketalet i bygdene er vesentleg for infrastruktur. For å sikre tenester som til dømes nærbutikk, bussrute og breiband må det vere brukarar som kjøper tenestene. Erfaringar frå andre deler av landet viser at etablerte hyttefelt medverke til auka omsetnad slik at tenestene vert halde oppe sjølv om det er låg omsetnad i deler av året.