13.3 Forskning, utvikling og innovasjon

Hovudmål:
Sogn og Fjordane skal samordne innsatsen for å løyse utfordringar og utvikle nye lønsame produksjonar.

Samordna FoU-innsats

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.28

Programstyret for frukt og grønt har vore ein avgjerande suksessfaktor for den vellukka satsinga på frukt og bær. Som eit resultat av dette fekk Sogn og Fjordane også tildelt nasjonale midlar til gjennomføring av eit Arenaprosjekt gjennom Innovasjon Norge. Andre verdikjeder i landbruket bør få del i denne måten å arbeide på gjennom etablering av to nye programstyre.

Regionalt Forskingsfond Vestlandet (RFF) forvaltar midlar som vert lyst ut til prosjekt i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Berekraftig matproduksjon i grøn og marin sektor bør også framover vere eitt av satsingsområda for fondet. Programstyra skal medverke til at det vert utarbeidd relevante prosjekt som kan søkje støtte gjennom RFF.

Prosjektet «Forskingskoordinator» i regi av Samarbeidsrådet for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har som mål å auke forskingsarbeidet på Vestlandet. Prosjektet skal få fram gode forskingsprosjekt som kan medverke til å utvikle landbruket på Vestlandet, og vere eit bindeledd mellom ulike forskingsmiljø.

Forskingsmiljøa i Sogn og Fjordane er små og er avhengig av lokal medverknad for utvikling og rekruttering. Vestlandsforsking har markert seg med særskild kompetanse innan klima og miljø. Dette er svært viktig i vårt fylke der topografien gjer oss særleg sårbar for klimaendringane med auka nedbør. Dei landbruksretta miljøa på NIBIO Fureneset og Njøs Næringsutvikling er skjøre og kan fort forvitre. Lokale oppdrag og eit tett samarbeid med næringa, rådgjevingstenesta og andre forskingsmiljø er viktig for å oppretthalde denne kompetansen lokalt.

Merkevarebygging er viktig for å sikre sal og pris på landbruksprodukt frå Sogn og Fjordan. Dette vil særleg vere viktig for å sikre nærmarknaden på Vestlandet.

Kompetanse og rådgjeving

Dette satsar vi på: 

2016-05-18 at 14.32

Kompetanse er avgjerande for å sikre gode landbruksbedrifter i fylket. Rådgjevingstenesta i primærproduksjonen er i dag knytt til varemottakar, kommunane og Norsk Landbruksrådgiving. Desse fagmiljøa må vere knytt opp i nasjonale nettverk slik at dei er oppdaterte og kan hente kunnskap og ressurspersonar til fylket.

Forsking viser at fagmiljø er ein viktig faktoren når ei landbruksbedrift avgjer om ho skal halde fram eiga drifta eller leggje ned. Her er det avgjerande både med lokale fagmiljø og regionale eller fylkesdekkande møteplassar. Lag og organisasjonar saman med varemottakar må i hovudsak ta ansvar for å skape relevante møteplassar for fagleg påfyll og diskusjon.

Fadderordning er ein god måte å overføre kompetanse mellom erfarne og nye bønder. Ved å bruke noko offentlege midlar, kan slike ordningar styrkast og setjast i system. Vi har i dag døme på fadderhjelp på ideell basis, medan nye ordningar i større grad må søkje støtta frå offentlege midlar.

Dei landbruksretta fagskulane i Førde og Aurland gjev fagopplæring både til ungdom og vaksne. Sogn Jord- og hagebruksskule er eit unikt nasjonalt kompetansemiljø på økologisk landbruk. Skulen driv også eit omfattande utviklingsarbeid. Det er viktig å løfte fram potensialet Sogn Jord- og hagebruksskule har for å utvikle landbruksnæringa også i Sogn og Fjordane, både innanfor økologisk og konvensjonelt landbruk.

Njøs Næringsutvikling as og NIBIO Fureneset har særskilde oppgåver knytt til FoU-arbeid i Sogn og Fjordane. Desse fagmiljøa bidreg med viktig kompetanse og sikrar at det vert FoU-utført arbeid lokalt. Saman med andre FoU-miljø i fylket og på Vestlandet vil dei vere viktig for å løyse utfordringar knytt til landbruk i eit endra klima.