13.4 Nasjonale rammevilkår

Hovudmål:
Sogn og Fjordane skal vere ein aktiv medspelar i utforminga av den nasjonale politikken på landbruksområdet.

Nasjonale styresmakter og nasjonal politikk

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.36

Landbruksdepartementet inviterer kvart år fylkeskommunen til å kome med innspel før jordbruksforhandlingane. Dette gjev oss høve til å prioritere tiltak som er viktig for utvikling i vår region. Dette er eit viktig arbeid som må halde fram og følgjast opp.

Landbruket i Sogn og Fjordane har særskilde driftsutfordringar knytt til klima, topografi og bruksstorleik. Arbeidet med å redusere talet på nasjonale støtteordningar kan medføre at det i mindre grad vert tatt omsyn til Vestlandet sine særskilde utfordringar. Klimaendringa med meir nedbør og større klimatisk variasjon gjev utfordringar som også den nasjonale politikken må ta omsyn til.

Regional bruk av nasjonale støtteordningar

Dette satsar vi på:

2016-05-18 at 14.38

Jordbruksavtalen sett kvart år av midlar som skal forvaltast regionalt. Dette vert styrt gjennom Regionalt bygdeutviklingsprogram og den årlege handlingsplanen med fastsetting av reglar for tilskot. Dette arbeidet vert koordinert av Fylkesmannen i samarbeid med faglaga, fylkeskommunen, KS og Innovasjon Norge.

Fylkeskommunen forvaltar midlar sett av i jordbruksavtalen til rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Det overordna målet for ordninga er å bidra til rekruttering og kompetanseheving for næringsutøvarar som kan i vareta og styrkje verdiskapinga i landbruket regionalt.

Innovasjon Norge forvaltar både regionale og nasjonale støtteordningar for næringsutvikling. Døme på nasjonale ordningar er KIL-midlar (Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket), Bioenergiprogrammet og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. Sogn og Fjordane må arbeide for å hente midlar frå desse nasjonale ordningane.

Kommunane i Sogn og Fjordane forvaltar kommunale næringsfond. Landbruksrelaterte utviklingstiltak bør i større grad støttast med slike midlar. Dei siste åra har fleire kommunar brukt av næringsfondet for å støtte mobiliseringsarbeid og vegvalsrådgjeving i landbruket. Slikt arbeid gjev konkrete resultat og fleire kommunar bør ta landbruk inn som ein del av målgruppa for næringsfondet.