2.1 Eit internasjonalt perspektiv på korleis framtida ser ut

Det vert stadig viktigare å sjå Sogn og Fjordane som ein del av det internasjonale samfunnet. Folk flyttar meir, næringslivet konkurrerer på stadig større marknader og menneskeskapte klimaendringar er mellom fleire globale problemstillingar som gjeld oss heilt konkret.

Vi har fleire store globale utfordringar:

  • takle folkeflytting og folkevekst
  • tilgang til reint vatn
  • tilgang til nok mat
  • meir kapital på færre hender
  • auka sosiale skilnader
  • urbanisering – inklusiv konsentrasjon av kunnskapsmiljø og kapital
  • energitilgang. Klimaendringar krev karbonbinding og overgang til fornybar energi
  • miljøutfordringar. Døme: resistens /vår «kjemiske kvardag».

Sogn og Fjordane har gode føresetnader for å medverke positivt i verdiskapinga. Vi kan tilby reint ferskvatn, rein mat, rein energi, karbonbinding til mineralressursar, og karbonbinding ved at trevirke i større grad erstattar stål og betong.

Internasjonale miljøavtalar er viktige for framtida vår. Vi peikar på marin næringsutvikling som ei vekstnæring. Dette krev reine hav og reine kystfarvatn. Utnytting av naturressursane krev også ei kompetent forvaltning som sameinar miljøomsyn og å «setje naturen i arbeid».

Biletet av internasjonale konkurransedyktige regionar er stort sett forteljinga om næringsklynger i byregionar. Vi må sjølve teikne biletet av bygder og bygdebyar i positiv utvikling og i godt samspel med byen. I regjeringa sitt arbeidet med å modernisere offentleg sektor, bør det vere rom for å utvikle ei offentleg forvaltning med handlingsrom til å utforme eigne regionalt tilpassa utviklingsstrategiar. Då vil også visjonen «eit Europa av regionar» gjelde oss.