2.3 Sogn og Fjordane – eit godt utgangspunkt?

«Sogn og Fjordane – Noregs amme» heitte det i ein video utvikla for NHO for ein del år sidan. Tittelen summerer kort eit rådande sjølvbilete. Vi er del av ein verdiskapande og eksportretta vestlandsregion. Samstundes er den delen av næringslivet som produserer dei store verdiane avhengige av å rasjonalisere og erstatte arbeidskraft med teknologi.

Statistikk som bakgrunn for innhaldet i dette kapitlet finn du i fylkesspegelen på nettsida til fylkeskommunen: Fylkesspegelen.

Utfordring: Folketalsutviklinga

Fylket passerte 100 000 innbyggjarar i 1961. I 1979 hadde folketalet passert 105 000. Dei fem siste åra har innbyggjartalet auka med om lag 550 personer i året, og ved siste årsskiftet budde det rundt 109 000 innbyggjarar i fylket. Den siste auken skuldast hovudsakleg arbeidsinnvandring.

Vi ventar at det i 2025 vil vere 115 500 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Dette er 6500 fleire enn ved utgangen av 2013. Veksten kjem i aldersgruppene over 60 år.

Diagram1

Ser vi perioden 2000–2012 under eitt, var det stor nettoutflytting av ungdomar i 20-åra frå Sogn og Fjordane. Dette heng saman med at ungdom flyttar ut for å ta vidare utdanning eller byrje i jobb. For dei andre aldersgruppene sett under eitt, er tilflyttinga større enn fråflyttinga. Størst nettotilflytting er det blant 16-17 åringar og personar i 30-åra.

Mobilitet i befolkninga er også ein kompleks faktor som påverkar biletet av flytting ut og inn av fylket.

Talmaterialet syner at det vil vere trong for arbeidskraft og nye løysingar i omsorg for ein aldrande folkesetnad. Innvandring er allereie med på å løyse arbeidskraftbehovet.
Tala syner også at ungdom er ei svært viktig målgruppe dersom vi set oss ambisiøse mål om folketalsutvikling.

Utfordring: Attraktive arbeidsplassar

Utfordringa er ikkje berre tal nye arbeidsplassar; arbeidsplassane må også vere attraktive. Det er til tider manglande samsvar mellom trong for arbeidskraft og kva arbeidstakarane etterspør.

Arbeidsplassveksten er viktig for å forstå folketalsutviklinga. Fylket har lågast arbeidsplassvekst i landet. Sjølv om talet på arbeidsplassar i Sogn og Fjordane auka med 1200 i 12-årsperioden 2000–2012, så er utviklinga 10,6 prosent dårlegare enn landsgjennomsnittet. Det offentlege har vakse med 1500 arbeidsplassar i perioden, det private næringslivet har hatt ein nedgang på 300.

Diagram2

Arbeidsplassvekst i prosent samanlikna med utviklinga i landet. Fylket sakkar etter.

Telemarksforsking har i sin regionale analyse for 2013 samanlikna arbeidsplassveksten i Sogn og Fjordane med landet elles. Tala syner:

  1. Det er særleg privat sektor som medverkar til svakare utvikling enn landet elles.
  2. Arbeidsplassveksten i det offentlege er svakare i Sogn og Fjordane enn i landet elles.
  3. Den viktigaste forklaringa på svak arbeidsplassvekst i privat sektor, er næringsstrukturen. Vi har stort innslag av bransjar med liten auke i tal tilsette.

Går vi nærare inn i talmaterialet, ser vi at primærnæringane, industrien og andre næringar som konkurrerer på ein nasjonal og internasjonal marknad, har hatt ei svakare arbeidsplassutvikling enn det vi kunne vente ut frå tendensen nasjonalt.
Utviklinga er ulik i ulike delar av fylket. Tala nedanfor syner endring i talet på arbeidsplassar i perioden 2002–2012:

 HAFSNordfjordSognSunnfjord
Stat0-85-82355
Fylkeskommune4361826
Kommune28442355572
Privat198-244-496713

Analysar syner at innflytting til små og noko isolerte arbeidsmarknader er mindre enn arbeidsplassveksten tilseier. Dei ekspansive tenesteytande næringane veks i sentra. I sum forklarar dette ulik utvikling mellom kommunar i fylket. For nokre av utkantkommunane vert utviklinga innan offentleg tenesteyting og forvaltning og innan bransjar som reduserer sysselsettinga viktige for arbeidsplassutviklinga.

Det er ingen eksterne impulsar som tilseier stor arbeidsplassvekst. Vi bør arbeide ut frå at den framtidige veksten må skapast gjennom eiga kraft. Vi må vere attraktive for folk og næringsliv.

Eit verdiskapande fylke

I 2011 var den samla verdiskapinga i Sogn og Fjordane på 37 460 millionar kroner 1. Om lag 26 prosent av verdiskapinga kom frå offentleg forvaltning, medan 74 prosent var i privat sektor. I privat sektor var verdiskapinga størst innan produksjon av energi, bygge- og anleggsbransjen og i varehandelen. Også metallindustrien og fiske, fangst og havbruk bidreg betydeleg til verdiskapinga.

Analysen frå Telemarksforsking (2013) syner oss at

  • bedriftene har god vekst samanlikna med landet elles
  • bedriftene syner både god innovasjonsevne og internasjonal orientering
  • dei regionale bedriftene samarbeider godt innan verdikjeda. Det synest som om det er mindre samarbeid verksemdene imellom (horisontalt).
  • lønsemda er middels god
  • vi etablerer få nye bedrifter, men dei som vert etablerte er meir varige enn landet elles
  • vi har få sysselsette i kunnskapsintensive bransjar

Telemarksforsking har laga eit «nærings-NM» der 83 regionar vert samanlikna med omsyn til lønsemd, vekst, nyetableringar og næringslivet sin storleik i åra 2002–2012. Her kjem Sunnfjord ut som den 8. beste regionen, Nordfjord nr. 41, HAFS-kommunane nr. 53 og Sogn nr. 68. Av 428 kommunar kjem Førde ut som nr. 28, Flora nr. 27 og Sogndal nr. 43.

Internasjonal orientering

Styrken vår syner seg i form av eksport:

I 2012 eksporterte Sogn og Fjordane varer til ein verdi av 12 979 millionar kroner. Dette utgjorde 3,6 prosent av den samla eksporten av varer frå Noreg 2.

Sogn og Fjordane bidreg til valutainntening.
Tal henta frå Telemarksforsking sin analyse av Sogn og Fjordane (figuren til høgre), fortel at Sogn og Fjordane har mange verksemder som er internasjonalt orienterte.

Del av verksemder som oppgir at dei sel til utlandet (blå farge) og som har hovudmarknaden utanlands (raud farge).

Del av verksemder som oppgir at dei sel til utlandet (blå farge) og som har hovudmarknaden utanlands (raud farge).

Kjelde: Telemarksforsking basert på SSB si innovasjonsanalyse. År: 2010.

Sterke bransjar:

Verdiskapinga og sysselsettinga kan splittast opp i bransjar. Vi vel å presentere talmaterialet slik at vi får fram både sterke og svake sider ved Sogn og Fjordane. Talmaterialet syner at fylket har eit stort innslag av næringar som rasjonaliserer og mindre innslag av dei tenesteytande næringane som veks på landsbasis.

Sogn og Fjordane har i stor grad eit naturressursbasert næringsliv. Fiskeri og havbruk, reiselivsbransjen, maritim sektor og fornybar energi er store næringar i fylket, men dei betyr mindre for verdiskapinga enn i resten av landet. Bygge-, anleggs- og eigedomsbransjen står for ein stor del av verdiskapinga både i Sogn og Fjordane og i landet elles. Olje- og gassektoren og kunnskapsbasert tenesteproduksjon er derimot store næringar når ein ser landet under eitt, men dei har ein liten del av verdiskapinga i Sogn og Fjordane.

Kjelde: MENON og SSB sin statistikkbank.  Den samla verdiskapinga i åra 2006–2009 fordelt på næring. Sogn og Fjordane og landet. Tal i prosent. (Deler av industrien er ikkje inkludert i talmaterialet over.)

Kjelde: MENON og SSB sin statistikkbank.
Den samla verdiskapinga i åra 2006–2009 fordelt på næring. Sogn og Fjordane og landet. Tal i prosent. (Deler av industrien er ikkje inkludert i talmaterialet over.)

Diagram6Sogn og Fjordane har monaleg fleire sysselsette innan primærnæringane og i industrien enn landsgjennomsnittet. Delen av sysselsette i Sogn og Fjordane som arbeider i forretningsmessig tenesteyting, er derimot om lag halvparten av landsgjennomsnittet.

Innovasjonsevne:

Gjennom innovasjonsundersøkinga for 200810 (SSB) gir bedriftene informasjon om marknads-, prosess- og produktinnovasjonar. Talmaterialet syner at Sogn og Fjordane er sterkast på prosess- og marknads-innovasjonar. Bedriftene er jamt over godt plasserte samanlikna med landet elles (figur nedanfor).

Innovasjonsgrad i fylka

Innovasjonsgrad i fylka.
Kjelde: Telemarksforsking (Indeks utforma basert på tal frå SSB 2010)

Går vi ned i materialet syner det seg elles at

  • konserna er meir innovative enn einskildbedrifter
  • gitt bransjesamansettinga i fylket syner fylket godt innovasjonsklima. HAFS-kommunane og Nordfjord kjem best ut
  • Bedriftene syner god evne til samarbeid i verdikjeda. Dei samarbeider helst regionalt og nasjonalt og dei samarbeider helst med konsulentar, kundar og leverandørar Innovasjonsgrad i fylka

Entreprenørskap:

Elevane i Sogn og Fjordane kan syne til skuleresultat i landstoppen. Entreprenørskapsarbeidet i skulen (elevbedrifter i grunnskulen og ungdomsbedrifter i vidaregåande skule) vert vurdert som vellukka.

Likevel er viljen til å etablere nye bedrifter låg. Sogn og Fjordane er det dårlegaste fylket i landet når det gjeld tal nyetablerte verksemder. Figuren til høgre syner tal nyregistrerte føretak som del av eksisterande føretak.

Telemarksforsking forklarar Sogn og Fjordane si plassering med bransjestrukturen. Fylket har mange føretak i bransjar der det er mindre nyetablering, men også færre som legg ned drifta.

Stablitet er eit stikkord for å karakterisere fylket.

Etablerarfrekvens

Etablerarfrekvens.
 Kjelde: Telemarksforsking, 2013

Tilgang til kapital

Tilgang til offentlege verkemiddel for å legge til rette for næringsutvikling, er viktig. Nasjonale styresmakter varslar endringar som kan bli krevjande for å sikre ei positiv arbeidsplassutvikling i Sogn og Fjordane.

Tilgang til privat risikoviljug kapital er ei utfordring. Dette gjer utlåna til Innovasjon Norge desto viktigare, i og med at dei også kan løyse ut lån frå vanlege bankar.

Tilgang til konkurransedyktig infrastruktur

Konkurransedyktig infrastruktur er eit sentralt tema som er omhandla i fylkeskommunen sin regionale transportplan, skulebruksplanen og kort i verdiskapingsplanen (kapittel 6).


  1. SSB: Fylkesfordelt nasjonalrekneskap 2011. Talet viser bruttoproduktet i Sogn og Fjordane målt i basisverdi og i løpande kroner. Aktiviteten på kontinentalsokkelen utanfor fylket er ikkje medrekna. 

  2. SSB: Utanrikshandel med varer.