3.1 Nasjonale og internasjonale rammer

EØS-regelverket gir ei rekke formelle rammer. Konkurranseregelverket regulerer offentlege innkjøp og offentleg støtte til bedrifter. Utgangspunktet for reglane er å sikre sunn konkurranse.

EU har traktatfesta territorial utjamning. Gjennom EØS-avtalen set regionalpolitikken i EU viktige rammer for distrikts- og innovasjonspolitikken vår.

I regional planstrategi for Sogn og Fjordane har fylkestinget kvittert ut regjeringa sine «Nasjonale forventningar til regional planlegging». Staten ventar mellom anna vidare sentralisering, at kunnskap vert ein viktigare innsatsfaktor og legg vekt på at miljøutfordringane må vere ein premiss for planlegginga.

Saman med staten eig fylkeskommunane Innovasjon Norge. Staten og fylkeskommunane har forhandla seg fram til felles mål for arbeidet. Det er naturleg å sjå målsettingane for arbeidet til Innovasjon Norge som grunnlag for planarbeidet vårt:

  • Fleire gode gründerar
  • Fleire vekstkraftige bedrifter
  • Fleire innovative næringsmiljø

Hausten 2013 fekk Noreg ny regjering. I omtalen av midlar for regional utvikling i revidert budsjett går det mellom anna fram at «innsatsen skal spisses mot innovasjon og nyetablering i alle deler av landet, og at midler til bedriftsrettede tiltak prioriteres».