3.2 Kva seier fylkestinget?

Fylkestinget har slått fast at den overordna utfordringa for fylket er folketalsutviklinga og har sett som mål at fylket skal ha 112 000 innbyggarar i 2016.

Fylkestinget har utforma slike strategiar for å nå målet:

  • Styrkje attraktiviteten til kommune- og regionsentra
  • Styrkje utviklinga av lokalsamfunn med vekt på kultur, trivsel, tryggleik og god helse
  • Styrkje grunnlaget for eit innovativt og konkurransedyktig arbeidsliv
  • Styrkje rolla til frivillig sektor lokalt og regionalt
  • Styrkje samhandlinga mellom stat, region og kommunar
  • Styrkje merksemd om bruk av natur- og kulturarven som verdiskapar
  • Styrka satsing på utbygging av infrastruktur
  • Styrkje kompetanse og utdanning med basis i lokale og regionale behov

Arbeidsmåtar for det strategiske arbeidet:

  • Etablere fleire og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar
  • Byggje meir urbanitet og styrkje tilboda i tettstadane (regionsentra/kommunesentra)
  • Utvikle kvalitet og kapasitet i offentlege tenester
  • Auka utbygging av fysisk infrastruktur som breiband og vegar
  • Gjennomføre prosjekt for styrka integrering og fast busetnad av midlertidig arbeidsinnvandring
  • Skaffe seg kunnskap om natur- og ressursgrunnlaget som grunnlag for berekraftig bruk og vern
  • Etablere handlingsretta strategiar innan prioriterte einskildområde

Fylkestinget har også sett i gang arbeidet med ein regional plan for folkehelse. Koplinga til verdiskapingsplanen er at folkehelseaspektet er viktig element i arbeidet med samfunnsansvar i arbeidslivet.