4 Mål

Mål for det samla verdiskapingsarbeidet

Overordna mål for verdiskapingsplanen:
500 nye arbeidsplassar kvart år.

Vekst i tal arbeidsplassar heng nøye saman med det overordna målet om auke i folketalet Årleg arbeidsplassvekst har vore 100 i året i perioden 2000–2012. Prognosane for folketalsutviklinga fram mot 2025 tyder på at tal sysselsette vil vere uendra. Ein arbeidsplassvekst på netto 100 i året krev 500 nyskapte arbeidsplassar for å kompensere for dei som går bort.
Dette er eit ambisiøst mål. Dei store etterkrigskulla skal erstattast på arbeidsmarknaden. Det krev at fylket vert meir attraktivt både for arbeidstakarar og verksemder.

 

Eit slikt mål krev også at vi får større del i dei ekspansive tenesteytande næringane som

  • telekommunikasjon
  • informasjonsteknologi
  • finansiell tenesteyting
  • forretningsmessig tenesteyting

Kommersielle tenester retta inn mot sterke næringsmiljø i fylket, er ein veg å gå for å oppnå slik endring.