6.2 Grunngjeving for innsatsen

Tilrettelegging for nyskaping

Mange av dei gode ideane framover kjem ikkje nødvendigvis der vi organiserer satsingar. Fylket må derfor ha eit apparat med verkemiddel som er i stand til å reagere raskt og vere ein god hjelpar.

Entreprenørskapsarbeidet har i mange år vore eit prioritert tema for utviklingsprogram. No er tida mogen til å la samarbeidet finne sin prioriterte plass i det daglege arbeidet i næringsapparatet.

Kunnskap

Noreg er eit høgkostland. Vi må konkurrere på høgt kunnskapsnivå. Denne satsinga er knytt opp mot hovudstrategien om å ta kunnskapen i bruk for å sikre konkurransekraft.

Fem bransjesatsingar

Satsingane er retta inn mot bransjar som baserer seg på dei naturgjevne føremonene i fylket . Dette er bransjar som ofte rasjonaliserer og reduserer tal tilsette. For mange av desse verksemdene er reduksjon i arbeidsstokken eit teikn på suksess. Dette kan verke som eit paradoks i høve målet om arbeidsplassvekst. Nedgangen i tal arbeidsplassar i industrien og i landbruket må bli erstatta av nye verksemder.

Vi skal difor sjå nærare på ringverknader. Reiselivsnæringane, primærnæringane og industrien gir marknad for underleverandørindustri. Vi ønskjer å legge til rette for at rådgjevingsbransjen kan utvikle seg i samarbeid med dei sterke næringsmiljøa.