6.3 Det eksisterer strategidokument for landbruk

I Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013–2016 har deltakarane i planarbeidet formulert mål og strategiar for matproduksjon, skogbruk/bioenergi, bygdenæringar og bygde- og lokalsamfunnsutvikling.

Etter planen skal Regionalt bygdeutviklingsprogram reviderast i 2016. Det vil då vere naturleg å knyte denne revisjonen opp mot verdiskapingsplanen, og til dei krava plan- og bygningslova set til utarbeiding og utforming av regional plan. Ettersom regjeringa tydlegare enn før signaliserer omstilling i landbruket, kan det vere aktuelt å arbeide med landbrukspolitikk / vår satsing på landbruket alt frå årsskiftet 2014-15.

Innan nokre område, til dømes skogbruk, meiner partnarskapen at vi må ha eit vidare perspektiv. Dette kan i første omgang gjerast gjennom enkeltståande saker.

Arbeidet med bygdeutviklingsstrategien vert inntil vidare følgd opp gjennom ein årleg handlingsplan med tiltak. Arbeidet vert styrt gjennom ei arbeidsgruppe.