6.5 Kva skal kommande generasjonar leve av?

I verdiskapingsplanen er tidshorisonten 2025. Spørsmålet som dukkar opp med jamne mellomrom er: «Kva skal vi leve av etter oljen?».

Eit anna spørsmål som kjem med jamne mellomrom er om lokalt eigarskap er betre enn å vere ein del av større selskap. Makta ligg ved hovudkontoret. Korleis skal vi sikre at viktige hovudkontor framleis finst i fylket vårt?

Så langt er det dei sterke bransjane vi fokuserer på når temaet er vekstkraft i fylket. Ei satsing på fornybar energi med underleverandørar, er døme på næringsmiljø der fylket kan ta ein endå sterkare posisjon enn i dag. Korleis sikre lokalt eigarskap og ringverknader for ressursane i havet?

Store globale utfordringar er omtala i avsnitt 2.1. Sogn og Fjordane har ressursar som er viktige for framtida.

Konkurransedyktige næringsmiljø kan også utvikle seg ved at næringsmiljø finn fram til bransjenøytral kunnskap som samnemnarar for klyngeutvikling. Kongsberg-klynga har til dømes vorte gode på å setje saman teknologi (system engineering). Fleire har teke til orde for at Sogn og Fjordane kan bli gode på å setje saman produkt/løysingar som kan prøvast ut i små og oversiktlege samfunn. Vi kan bli gode på å kombinere bruk og vern i ressursforvaltninga. Vi kan bli gode på å integrere ulike tenester ut frå brukarbehov (tenestedesign). Vi treng tid for å finne våre samnemnarar og å legge kunnskapsstrategiar for å utvikle desse.

Vi ønskjer å prioritere tid til slikt langsiktig analysearbeid. Tilrettelegging for nyskaping og ei satsing på kunnskap som er omtala i dei to neste kapitla, kan bli vidareutvikla med eit slikt siktemål.