7 Nyskaping, evne til å fange opp gode initiativ

s 22 - Taste of Måløy

Ungdomsbedrifta Taste of Måløy vann gull og sølv på NM for sjømatsprodukt. Foto: Eivind Husabø.

I tillegg til langsiktige planlagde satsingar, kjem det heldigvis mange og gode initiativ frå einskildpersonar og utviklingsmiljø. Då er det viktig at verkemidla er på plass, at verkemiddelpolitikken er gjennomtenkt, og at verkemiddelapparatet er godt førebudd. Initiativrike miljø og einskildpersonar må finne gode hjelparar. Dette avsnittet handlar om denne oppgåva; om det vi kan kalle «infrastruktur for nyskaping».

Tilrettelegging for nyskaping vert formulert som ei felles plattform for samarbeid om tilrettelegging. Eit meir detaljert arbeidsgrunnlag ligg ved. Partane avtalar oppfølging av arbeidet.

Lysbilde-2