8.2 Målsetting

Kunnskapssatsinga skal ha innovasjon som siktemål. Kunnskap vert såleis ein viktig drivar for større verdiskaping, auka sysselsetting og styrka folketalsvekst i Sogn og Fjordane.
Visjonen er; kunnskap skaper verdiar!

Satsinga har slike overordna mål:

  • Styrkje kvalitet, relevans og tilgang på forsking og utdanning, slik at næringsliv og offentleg forvaltning i Sogn og Fjordane får auka nytte av kunnskapen
  • Tal arbeidsplassar innanfor dei kunnskapsintensive næringane aukar gjennom utvikling av robuste næringar (kunnskapsklynger) i Sogn og Fjordane
  • Offentlege kompetansemiljø og kunnskapstenester medverkar til å styrkje bedrifter og bransjar sine utviklings- og verdiskapingsmulegheiter
  • Gjennom ein målretta dialog mellom industrien, FoU- og utdanningssystemet og offentlege styresmakter avdekker vi framtidige kompetanse- og arbeids-kraftbehov – og skaper oss slik eit konkurransefortrinn i kampen om både norsk og utanlandsk arbeidskraft
  • Vi sikrar rekruttering og tilgang til sterke søkjarar til kunnskapsintensive stillingar ved å synleggjere sterke fagmiljø, heile utdanningsløp og attraktive og integrerande lokalsamfunn

Målsettingane har kunnskapsdeling som samnemnar. Kvaliteten i samhandlinga kan vi måle gjennom jamlege spørjeundersøkingar. Resultatmål vil bli knytte opp mot at partane vurderer innsatsen som nyttig for seg.

For å sikre at oppfølginga av kunnskapssatsinga har siktemål om å skape verdiar, vil vi nytte Statistisk Sentralbyrå si jamlege innovasjonsundersøking til å overvake utviklinga. Sogn og Fjordane er oversiktleg og bør ta mål av seg til å høyre til den beste tredjedelen av fylka i landet.

Handlingsplan: 5.2 Målsetting