8.3 Aktivitet for å nå målet

Måloppnåing innan eit så breitt tema som kunnskap krev leiarengasjement som sikrar breidda i arbeidet; jf. figuren og dei tre dimensjonane nemnde ovanfor.

Ny teknologi kan vidareutviklast slik at tenester frå vidaregåande opplæring og høgskulen vert betre koordinert i høve ungdom under utdanning og brukarane i arbeidslivet.

Møteplassar er avgjerande viktige for å avklare både trong for opplæring og for forsking. Røynsler tilseier at å organisere dialog som skal femne om «alt» kan bli opplevde som lite matnyttige. Satsingsområdet Kunnskap vert konsentrert om fellestiltak (inkl. kunnskapsinfrastruktur).

Utforming av møteplassar for å få til dialog om kunnskapsutvikling vil i første omgang bli prioritere innan dei bransjeretta satsingane. Det er særleg viktig at næringslivet vert betre kjende med forskings- og utdanningsmiljøa i regionen. Dei nære forskingsmiljøa må ta ei tydeleg rolle som «bru» ut mot nasjonale og internasjonal forsking.

Ny kunnskap kan arbeidslivet også skaffe seg ved rekruttering av kompetente folk. Attraktive bu- og arbeidsområde er ein nøkkelfaktor.

Tilgang til kunnskap vil også bli betra ved ei satsing på kunnskapsintensive tenesteytande næringar. Desse næringane vert ofte lokalisert i regionsentra. Det er særleg viktig at kommunane Sogndal og Førde er samarbeidspartar i ei satsing på dei kunnskapsintensive tenesteytande næringane.
Struktur på satsinga på kunnskap med ansvarsplassering:

Lysbilde-3
Program «Ta kunnskapen i bruk»

Grunngjeving:

Kvaliteten i samhandlinga mellom tilbydar og etterspørjar etter kunnskapsteneter må bli vidareutvikla. Vi hentar inspirasjon frå fagfeltet tenestedesign der brukaren står i sentrum for utvikling av tenester. Programmet skal vidareutvikle det vi kan kalle kunnskapsinfrastruktur.

Målsettingar:

  • Styrkje kvaliteten og relevansen på forsking og utdanning, slik at næringsliv og offentleg forvaltning får auka nytte av kunnskapen. Betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel
  • Gjere kunnskapen i FoU- og utdanningssystemet lettare tilgjengeleg for arbeids- og næringsliv m.a. gjennom bruk av ny teknologi.

Rekruttering

  • Legge betre til rette for utanlandsk arbeidskraft.
  • Trekkje talenta og høgt utdanna arbeidskraft til fylket.
  • Styrkje fag- og yrkesopplæringa
  • Synleggjere attraktive fagmiljø og attraktive samfunn.

Innsatsen handlar om å utvikle infrastruktur. Det er spesielt viktig å styrkje forskingsmiljøa i fylket. Resultat skal identifiserast gjennom spørjeundersøkingar. Framtidsbiletet er at næringslivet i fylket er meir medvite, prioriterer og nyttar større ressursar på kompetanseutvikling i eigne verksemder gjennom FoU- og utdanningstilbod, enn i dag. Dei nyttar FoU-, utdanningssystemet og private og offentlege kunnskapsleverandørar. Sogn og Fjordane er i leiarsjiktet i å nytte ny teknologi i samband med opplæring. Arbeidslivet er gode på rekruttering.

Avtale: Utvikling av privat kunnskapsintensiv og kreativ tenesteyting

Grunngjeving:
Desse bransjane har god sysselsettingsutvikling nasjonalt, med godt betalte og attraktive arbeidsplassar. Sogn og Fjordane må få ein større del av desse arbeidsplassane for å nå målet om arbeidsplassvekst. Privat kunnskapsintensiv og kreativ tenesteyting har ringverknader.
Bedriftene er viktige kunnskapsleverandørar for offentleg sektor og for industrien og primærnæringane. Tilsvarande er våre sterke industri- og primærnæringsmiljø viktige for å ha tiltrekkingskraft på tenestesektoren.

Målsetting:
• Auke verdiskapinga innan privat kunnskapsintensiv og kreativ tenesteyting i Sogn og Fjordane, slik at verdiskapinga samsvarer med landsgjennomsnittet.

Retningsliner:

Om å dele kunnskap:

  • Offentlege kompetansemiljø leverer kunnskapsbaserte tenester og medverkar til å utvikle forretningsidear. Dette er ikkje minst viktig i samband med innkjøp.
  • Innovasjon Norge prioriterer finansiering av kunnskapssamarbeid mellom små og mellomstore bedrifter («kunnskapsnav»). Aktuelle behov er leiarutvikling, økonomitenester, IKT-tenester og administrative funksjonar.
  • Sogn og Fjordane som føregangsregion innan arbeid med samfunnsansvar.

Viktig politisk problemstillingar

  • Utflytting av statlege arbeidsplassar; mellom anna for å styrkje næringsmiljø.
  • Utvikling av opplæringsinfrastrukturen:
    • Ved hjelp av ny teknologi.
    • Ved betre samspel mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning.
  • Det vert signalisert frå regjeringa ønskje om større universitets-høgskule einingar. Vi må overvake kva konsekvensar dette får for nærleik forsking – arbeidsliv.

Handlingsplan: 5.3 Hovudaktivitet med milepælar