8.1 Utgangspunktet

s 29 - gründer

Foto: Jo Bergersen

Sogn og Fjordane har innbyggarar med god kompetanse. Vi snakkar då om kunnskapar, haldningar, erfaringar og ferdigheiter. Vi har ikkje dei med høgast formell utdanning, men vi har erfaring og ferdigheiter og evne til å samarbeide. Vi opplever at det er gjensidig respekt mellom praktisk fagkunnskap og teoretisk innsikt. Det er i ei god kopling mellom desse at nyskaping skjer.

Internasjonal konkurranse og stadig raskare teknologisk utvikling set krav til oss om å bli enno betre i stand til å utvikle og nytte kunnskap og kompetanse. Viktige samanhengar:

Diagram15

Tre ulike dimensjonar i satsinga:

  • Produksjonen av tenester innan opplæring og forsking / private kunnskapstenester
  • Kunnskap som ein innsatsfaktor for endring (føresetnad for innovasjon)
  • Kunnskapsinfrastrukturen; institusjonane, finansieringa, digitale løysingar m.m.

Stadig oftare bør vi snakke om deling av kunnskap heller enn å halde på biletet av nokon som formidlar og andre som tek i mot kunnskap. Eit konstruktivt samspel mellom eit utviklingsorientert arbeids- og næringsliv og utdanningsinstitusjonane våre på eit slikt grunnlag er ein ønska situasjon.

  • Opplæring må ha eit livslangt perspektiv på grunn av dei raske samfunnsendringane.
  • Digital infrastruktur legg grunnlag for å tenkje nytt om læring. Streaming og anna bruk av moderne teknologi gir føresetnader for å bruke lokale fagekspertar meir fleksibelt. Nettstudentar kan vere tradisjonelle studentar, men like gjerne tilsette i arbeids- og næringslivet som ser fleksibilitet som ein føresetnad for å studere utan å reise langt, ta fri frå jobb eller vere borte frå familien over lengre tid.
  • Tilgang til relevant og oppdatert kunnskap er ein avgjerande føresetnad for at vi skal lukkast. Vi må evne å komme rundt barrierar i høve til geografiske avstandar, ein utfordrande infrastruktur og spreidd busetnad.
  • I tillegg til tilgang, er vi avhengige av eit arbeids– og næringsliv som etterspør kunnskap. Analyser basert på SSB sin innovasjonsundersøking av 2010 syner at bedriftene helst samarbeider med konsulentar, kundar og leverandørar.
  • Kunnskap og impulsar vert også gjort tilgjengeleg gjennom
    • kontakt bedrifter imellom
    • gjennom utveksling; t.d internasjonal ungdomsutveksling
    • gjennom rekruttering
    • i utdanningsinstitusjonane sitt samarbeid med arbeidslivet.

Ei nærare utdjuping ligg ved i form av framlegg frå ei arbeidsgruppe

Handlingsplan: 5.1 Bakgrunn