9.1 Utgangspunktet

Foto: Kirsti Horne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Kirsti Horne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane har eit godt utgangspunkt som «fornybar energi-fylke». Innan vasskraft er det høg verdiskaping. Distribusjon av kraft bidreg også til ei stor verdiskaping i fylket. Sysselsetjinga her er nær 74 prosent av sysselsetjinga innan produksjon av vasskraft. Forventa tal årsverk ligg på om lag 85–90 prosent av tal tilsette, altså om lag 640–680 årsverk. Kvinneandelen innan denne industrien ligg på ca. 15 prosent.

Av andre fornybarområde med stor verdiskaping, peikar solenergi seg ut gjennom industriverksemdene Norsun og Elkem Bremanger. Totalt har desse ca. 214 tilsette knytta til produksjon av industriprodukt som vert nytta innan solindustrien.

Kraftbalansen i Sogn og Fjordane syner at vi har eit overskot på 7 TWh som må eksporterast. For samanlikning: Dette er det same som 14 Alta-kraftverk. Kraftkrevjande industri står for ¾ delar av forbruket i Sogn og Fjordane. Det er usikkert om forbruket i fylket vil auke vesentleg.

Stort potensiale innan vasskraft og vindkraft

SFE Nett AS kartla i 2011 konkrete planar for kraftutbygging. Kartlegginga viste at det var 370 moglege prosjekt. Legg ein til aktuelle planar for større vasskraftutbyggingar er det høgaste scenarioet rekna ut til 1700 MW/5,1 TWh ny vasskraft. I tillegg kjem konsesjonssøkte og melde planar for landbasert vindkraft på om lag 1200 MW/3,2 TWh og meld plan for offshore vindkraft på 1080 MW/4,5 TWh.

Det er søkt om eller godkjent over 2 TWh vasskraft som enno ikkje er utbygd. Total investeringskostnad for denne er minimum 7 milliardar. Lokale leveransar kan utgjere 50 prosent av dette, altså minst 3,5 milliardar. Det skal i tillegg investerast minimum 1 milliard i nye nett.

Eit overslag tilseier ei utbygging av inntil 400 MW vindkraft. Dette kan gje lokale leveransar på om lag 720 millionar kroner i byggjefasen. Ideelt sett skal alle desse utbyggingane gjennomførast i løpet av ein sjuårsperiode.

I driftsfasen vil desse utbyggingane gje driftskostnader med potensielle lokale leveransar på inntil 40 millionar kroner for vasskraft og inntil 120 millionar for vindkraft.

Kor raskt og i kor stort omfang desse utbyggingane kjem, avheng av nasjonale føringar, konsesjonar, skatteregime, avskrivingsreglar, handsamingstider, andre politiske føringar og vedtak, og til slutt reine bedriftsøkonomiske vurderingar av utbyggjar.

Marknaden må karakteriserast som labil. Talmaterialet ovanfor må lesast med eit slikt utgangspunkt.

Vi kan summere opp status innan fornybar energi i fylket slik:

 TilsetteVerdiskaping 2012Verdiskaping 2011Verdiskaping 2010Verdiskaping 2009Verdiskaping 2008
SUM757903 4461 028 2821 045 3701 079 863873 643
Produksjon av elektrisitet frå vannkraft396693 836893 020819 256883 214722 176
Distribusjon av elektrisitet292163 97989 768196 105160 662123 880
Handel med elektrisitet5443 54149 44433 14340 57543 215
Damp- og varmtvannforsyning62 3128591 7431 140763
Produksjon av elektrisitet ellers (Bølgekraft)1386130-4500
Produksjon av gass1000115-9 225
Produksjon av elektrisitet fra biobrensel, avfallsforbrenning og deponigass2-106-26-22750-38
Produksjon av elektrisitet fra vindkraft5-502-4 913-6 605-5 893-7 128

Økonomiske tal er berre frå verksemder som er registrerte med adresse/hovudkontor i Sogn og Fjordane, og som er pliktige til å levere rekneskap til Brønnøysund. I praksis er dette i all hovudsak aksjeselskap. Når det gjeld tal tilsette har vi óg med eit breiare grunnlag.

Vi har verksemder som produserer og leverer fornybar energi innan vasskraft, vindkraft, bioenergi (både elektrisitet og varme) og fjordvarme. I tabellen over har vi også med ei verksemd innan bølgjekraft som pr. i dag er på FoU-stadiet. Leverandørindustri til desse fornybarteknologiane er ikkje med i tabellen.

Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging (vasskraftplanen) og Regional plan for vindkraft (vindkraftplanen) legg føringar for handsaming av vasskraft- og vindkraftutbygging i fylket.

Vasskraft og både landbasert og offshore vindkraft er analysert nærare i framlegget frå eiga arbeidsgruppe.

Analysar for dei andre fornybare energiteknologiane er vert kort omtala her:

Ved utbygging av anlegg for fjordvarme og bioenergi er det stort potensial for lokale leveransar. Det ligg ikkje inne nye søknader om konsesjon for slike anlegg i fylket. Teoretisk er potensialet stort både nasjonalt og internasjonalt. Leiande verksemder i Norge innan fjordvarme er lokaliserte i Sogn og Fjordane (Nordfjordeid).

Innan bølgjekraft har vi i dag ei verksemd som er i ein utviklingsfase. Det er i dag ingen nasjonal marknad for bølgjekraftanlegg, men det finst ein internasjonal marknad. Ein er i dag avhengig av subsidiar for at produksjon av elektrisitet frå bølgjekraft skal vere lønsamt.

Innan solenergi er det ingen produksjonsbedrifter. Vi har to industribedrifter som leverer til den internasjonale solcelleindustrien. Desse er sterkt konkurranseutsette. Bak desse står sterke nasjonale/internasjonale eigarar.