9.2 Målsetting

Overordna mål:

Auke lokal verdiskaping gjennom framtidsretta samarbeid og kunnskap

Måleindikatorar2013201720212025
Totalt tal tilsette innan produksjon, distribusjon og handel med fornybar energi760760760760

Målsetjinga er å oppretthalde talet på arbeidstakarar i næringa innan produksjon, distribusjon og handel med fornybar energi på dagens nivå. Dette kan synest som ei låg målsetjing, men frå bransjen si side er dette sett på som ei målsetjing som ein må strekke seg etter. Den auka produksjonen som vil komme, vil gje auka verdiskaping gjennom sal av meir kraft, men det er venta at både produksjon, distribusjon og handel framleis vert effektivisert.

Eit viktig poeng er at det no kjem eit generasjonsskifte i bransjen. Nær 1/3 del går av med alderspensjon dei neste ti åra.

Innan andre fornybarteknologiar er det óg noko aktivitet, men denne er i samanlikning liten.

Viktig meirverdi av ei satsing på fornybar energi er reduserte klimautslepp.