9.3 Aktivitet for å nå målet

I arbeidet med fornybar energi set vi søkjelyset på dei områda og tiltaka som vi regionalt og lokalt har størst påverknadskraft på og styring med. Vi prioriterer korleis vi skal gjere lokale leverandørar best i stand til å levere mest mogeleg i samband med utbyggingane innan fornybar energi i Sogn og Fjordane. Lokale leverandørar må gjerast i stand til å levere varer og tenester innan vedlikehald og drift av anlegg for fornybar energi.

Lysbilde-5

Det vert framleis arbeidd med struktur og ansvarsplassering.

Program for leverandør- og industriutvikling

I løpet av ein sjuårsperiode reknar vi med at det vert bygd vasskraftverk med ein total investeringskostnad på minimum 7 milliardar kroner. Lokale leveransar kan utgjere 50 prosent av dette, altså minst 3,5 milliardar. I tillegg skal det investerast minimum 1 milliard i nye nett.

Eit fornuftig anslag tilseier ei utbygging av 400 MW vindkraft. Dette kan gje lokale leveransar på om lag 720 millionar kroner i byggjefasen. I driftsfasen vil desse utbyggingane gje driftskostnader med potensielle lokale leveransar på inntil 40 millionar for vasskraft og inntil 120 millionar for vindkraft.

Det vert i første omgang etablert eit program for leverandør- og industriutvikling basert på delmål 1 og 2 nedanfor.

 Delmål 1:

Auke lokale leveransar knytte til utbygging av fornybar energi gjennom leverandørutvikling og etablering av nye samarbeidskonstellasjonar.

Dette delmålet er retta mot å nytte utbyggingane innan vasskraft, vindkraft og nett til å legge til rette for at lokale verksemder kan utvikle seg og å bli i stand til å hevde seg nasjonalt og internasjonalt om dei ønskjer det. Isolert sett vil ein auke i lokale leveransar uansett gje stor auke i verdiskapinga i regionen.

Måleindikatorar20142017201920222025
Omsetnad lokale leverandørar nye prosjekt i Sogn og Fjordane i % av total prosjektkostnad vasskraft
- Småkraftverk (< 10MW)
- Større kraftverk (> 10 MW)


50 %
13 %


+1 pp


+1 pp


+1 pp


+1 pp
Omsetnad lokale leverandørar i nye prosjekt i Sogn og Fjordane i % av total prosjektkostnad vindkraftMin. 15 %+ 0.5 pp+ 0.5 pp+ 0.5 pp+ 0.5 pp
Omsetnad lokale leverandørar i nye prosjekt i Sogn og Fjordane i % av total prosjektkostnad nettMin. 35 %1+1 pp+1 pp+1 pp+1 pp

pp = prosentpoeng.

Delmål 2:

Auke lokale leveransar knytte til drift og vedlikehald gjennom leverandørutvikling.

Dette delmålet er retta mot å auke lokal verdiskaping innan drift og vedlikehald knytt til vasskraft, vindkraft og nett, og då spesielt nytte dei utbyggingane som no skal skje som drivkraft i denne utviklinga.

Det er vanskeleg å finne gode generelle måltal, og vi bør bruke tal frå dei prosjekta som vert sette i gang.

Dette er dei viktigaste tiltaka som skal gjennomførast i ein fireårig handlingsplan:

  • Etablere kultur for samarbeid mellom aktørar i bransjane, både privat og offentleg sektor.
  • Program for leverandørutvikling vasskraft innan utbygging, drift og vedlikehald.
    • Ulike tilbod innan kvalifisering/sertifisering
    • Bedriftsnettverk
  • Program for leverandørutvikling vindkraft innan utbygging, drift og vedlikehald.
    • Samarbeide og vidareutvikle pågåande prosjekt gjennom Vindkraftforum
  • Program for leverandørutvikling nett innan utbygging, drift og vedlikehald.
    • Ulike tilbod innan kvalifisering/sertifisering
    • Bedriftsnettverk

Delmål 3:

Innovasjon og industriutvikling med fokus på auka bruk av eigne energiressursar.

Innovasjon innan energifeltet kan opne nye marknader. Partnarskapen må overvake utviklinga for å justere fornybar energi-satsinga i tråd med utviklinga. Innovasjon Norge skal prioritere støtte til bedriftsutvikling som bidreg til å styrkje Sogn og Fjordane som nyskapande «fornybar-fylke».

Sogn og Fjordane har eit kraftoverskot på 7 TWh. Dette vil auke med ca. 2–3,2 TWh med dei planlagde utbyggingane. Delmålet inneber eit felles arbeid mot at ein større del av kraftoverskotet vert nytta i fylket.

Delmål 4:

Utnytte effekten av høgare utdanning og forskingsmiljø i fylket innan fornybar energi og auke verdiskaping innan kunnskapsintensive arbeidsplassar.

Sogn og Fjordane har høgskuleutdanning i Sogndal med bachelorgrad i fornybar energi og bachelorgrad i elkraft i Førde. Det er plass til fleire kunnskapsverksemder som arbeider med fornybar energi og som etterspør arbeidskraft frå desse utdanningane.

Målet er å etablere ei fornybar energi-klynge. Den praktiske indikatoren er å få etablert status som nasjonalt Arena-prosjekt og etter kvart status som norsk ekspertsenter (NCE) i løpet av den kommande tiårsperioden.

Politiske problemstillingar

Rammevilkåra rundt næringa er mange. Prosessar for å avklare areal- og interessekonfliktar er kjende og viktige. Fylkeskommunen har arbeidd med arealavklaringar for småkraft og for vindkraft.

Ulike reglar og reguleringar innan fornybar energi pålegg næringa store ekstra kostnader.

Viktige politiske problemstillingar er:

  1. Utvikle samarbeid i energibransjen for å utvikle eit sterkt næringsmiljø i Sogn og Fjordane.
  2. Handsamingstid for konsesjonar for fornybar kraft – elsertifikat etter 2020.
  3. Grunnrenteskatt.
  4. Regionalnett – tariffar.
  5.  Vassdirektivet/vilkårsrevisjon.

Desse infrastrukturtiltaka vert trekte fram som særleg viktige:

  • Utdanning – Studieplassar på elektro i fylket. (Næringa ønskjer fleire klasser innan elektro på dei vidaregåande skulane i fylket.)
  • Breibandutbygging

  1. Tal frå SFE tilseier at mellom 30 – 40 % av leveransane er lokale (frå Sogn og Fjordane), inkl SFE sine eigne leveransar i prosjekta