5 Strategi og viktige suksessfaktorar

5Flinke folk er den viktigaste ressursen vår.

Hovudstrategien er derfor:

  • Nyskaping basert på dei naturgjevne fortrinna vi har.
  • Å vere attraktive for folk som vil skape arbeidsplassar.
  • Ta kunnskapen i bruk.

Strategi handlar om vegval; om korleis partnarane i fylket skal nå overordna mål.

Kunnskap skaper verdiar. Kunnskap er den viktigaste drivaren for større verdiskaping, auka sysselsetting og styrka folketalsvekst i Sogn og Fjordane.

Vi skal bygge kunnskap gjennom ferdigheiter, yrkesfagleg kunnskap og akademisk kunnskap.

Ny kunnskap får vi tilgang til gjennom forsking, utdanning, rekruttering og ved å samarbeide både nasjonalt og internasjonalt.

Ungdommen er ei prioritert målgruppe. Innvandring gir samfunnet vårt nye impulsar.

Attraktive lokalsamfunn og godt fungerande bu-, arbeids- og sørvisområde er ein føresetnad for å rekruttere og halde på flinke folk.

Det er ikkje tilstrekkeleg å bygge forskings- og utdanningsinstitusjonar og transportinfrastruktur. Det krev innsats for å omsetje grunnlagsinvesteringar i resultat; kunnskapen må bli teken i bruk.

Kva må til for å lukkast?

Skal vi lukkast, er vi også avhengige av gode rammevilkår. Nasjonal og europeisk politikk (EØS) må sikre

  • distriktspolitikk som kompenserer for avstandsulemper
  • regionalpolitikk for å sikre ulik tilpassing basert på styrken til eit fylke
  • samfunnsansvar
    • God balanse mellom bruk og vern.
    • Ein konkurransepolitikk som bygger på sosialt ansvar.
    • Politikk som prioriterer realøkonomien.

Skal vi lukkast, må vi formalisere samarbeidet med kommunane.