6.4.2 Samferdselinfrastruktur

Det er naudsynt å vidareutvikle samferdslepolitikken med utgangspunkt i mål om verdiskaping og ønska samfunnsutvikling.

Gode løysingar innan kollektivtransport er viktige både sett ut frå miljøomsyn og ut frå ei vurdering av attraktivitet når folk skal velje kvar dei vil bu.

Næringslivet i Sogn og Fjordane produserer store varemengder. Gode hovudsamband nord–sør og austover er avgjerande. Meir gods bør over på båt ut frå miljøomsyn og trafikktryggleik. Kontroll med useriøse transportørar er ei viktig samfunnsoppgåve både for å sikre rettferdig konkurranse og ut frå omsyn til trafikktryggleik.

Vi har god tilgang til flyplassar, noko som er viktig for arbeidslivet. Avgiftssystemet bør ikkje vere til hinder for at ferskvarer i større grad kan fraktast med fly.

Ein hovudstrategi i verdiskapingsplanen er å ta i bruk kunnskap. Kunnskapssamfunnet krev større og meir samanhangande bu- og arbeidsområde slik at vi kan rekruttere kompetanse, og slik at kontaktflata mellom sterke næringsmiljø vert betra. Dette perspektivet er lagt til grunn og gjeve sterk vekt i regional transportplan (2013).

Vi ønskjer å styrkje kunnskapen om kva effekt ulike transporttiltak har for verdiskapinga. Slik kunnskap kan legge eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidig transportplanlegging. Særleg ønskjer partnarskapen å analysere kva samferdsletiltak som har størst samfunnseffekt ved å knyte saman viktige næringsmiljø. Prioriterte tema er å

  • knyte saman næringsmiljøa langs kysten
  • utvikle større bu- og arbeidsområde

Dessutan bør analysearbeidet innehalde

  • føresetnader skapte gjennom digital infrastruktur
  • synergiar ved at arbeidskraftmarknader utfyller kvarandre
  • trekk også inn attraktivitet gjennom betre tilgang til sørvis og fritidstilbod