6.4.1 Kunnskapsinfrastruktur

Kunnskapsinfrastrukturen er omtala nærare under satsingsområde kunnskap. Vi viser også til skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane, som vart vedteken i 2013.

God kunnskapsinfrastruktur er viktig for arbeidslivet. Fylkeskommunen vert oppmoda om å vidareutvikle samanhengane mellom planlegginga av skulestruktur og verdiskaping. Ikkje minst vert partnarskapen oppmoda om å tenkje nytt om læring og bruk av ny teknologi. Følgjande er særleg viktig innan dei prioriterte plantema:

  • Partnarskapen utviklar dei nære forskingsinstitusjonane ved å bruke dei. Dette gjeld særskilt Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, men også Bioforsk og Høgskulen i Volda.
  • Det bør utviklast eit samarbeid mellom høgskulen (eventuelt også høgare utdanningsinstitusjonar utanfor fylket) og vidaregåande skular om vidare- og etterutdanningstilbod. Ei slik utvikling krev digital infrastruktur.
  • Bygge vidare på eksisterande strukturar for samarbeid i grunnopplæringa om etter og vidareutdanning.
  • Tilgang til å ta utdanning ut over vidaregåande nivå i fylket har synt seg som viktig for å rekruttere godt kvalifiserte ungdommar til arbeid i fylket. Høgskulane i både Volda og Sogn og Fjordane er såleis viktige for oss 1. Formalisert samarbeid med næringslivet er viktig for å kunne tilby nye og etterspurnadsbaserte retningar som t.d. el-kraft, subsea, byggingeniør.
  • Satsing på fornybar energi krev tilgang på faglært arbeidskraft. Vi treng å auke utdanningskapasiteten for elektro- og energimontørar. Det er venta at inntil 1/3 del av arbeidsstokken i næringa vil gå av med alderspensjon i løpet av den neste tiårsperioden.
  • Satsing på sjømatnæringar krev vidareutvikling av utdanningssystemet. Det er ønskjeleg med formalisert samarbeid mellom vidaregåande opplæring og høgskule/universitet og mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet.
  • Auka automasjonsgrad i produksjonslina (fiskeindustrien og anna industri) krev tilgang til fleire fagutdanna teknikarar og mekanikarar.
  • Entreprenørskap må framleis ha ein sentral plass i vidaregåande opplæring og få ein viktigare plass i høgare utdanning.
  • Landbruksnæringa er viktig for fylket. Næringa omstiller og effektiviserer. Utan ei attraktiv landbruksutdanning og ei aktiv landbruksrådgjeving vil rekrutteringa og innovasjonsaktiviteten bli sett tilbake.
  • Petroleumsfaglege opplæringstilbod vert trekte fram i petroleumsanalysen. Dei to nye opplæringstilboda subsea-bachelor og brønnboring er viktige.

To vedtekne regionale planar som er viktige i arbeidet med verdiskaping

Skulebruksplanen har tre hovudpunkt:
– Kvalitet i opplæringa
– Gjennomføring
– Fag- og yrkesopplæring

Regional transportplan er ein langsiktig strategiplan for heile transportsektoren i fylket. (Last ned PDF: RTP Analyse- og utfodringsdel og RTP Handlingprogram)

SkulebruksplanOgTransportplan


  1. Aktuelt: Vi må ivareta interessene våre no når det er varsla ei strukturmelding om høgare utdanning våren 2015 der talet på utdanningsinstitusjonar skal vurderast.