Kronikk: Energifylket Sogn og Fjordane

Av Terje Gjengedal, konsernsjef, Sogn og Fjordane energi AS (SFE).

Med eit av dei sterkaste potensiala for fornybar kraftproduksjon har Sogn og Fjordane alle føresetnadane for å ta ein viktig del i eit framtidig norsk industrieventyr. Dersom vi grip moglegheita.

Sogn og Fjordane har fantastiske, naturgjevne tilhøve for produksjon av fornybar energi. Brear, mykje nedbør, høge fjell, djupe fjordar og dalar legg godt til rette for miljøvennleg kraft. Derfor var også fylket tidleg ute med kraftproduksjon. Truleg var det i Loen den første elektriske krafta såg dagens lys her i fylket, med eit heimelaga elektrisk aggregat som gav lys til ein snikkarverkstad i 1893. Dei første verkelege kraftverka kom i Vadheim i 1895 og Stongfjorden i 1897 – då som private verk til industriforsyning. Sidan den tid har kraftforsyninga vore svært viktig for fylket.

Verdiskaping og arbeidsplassar

Vasskrafta har ikkje berre vore ein viktig råvareressurs som har gjeve lys i hus og heim og bidrege til utviklinga av den kraftforedlande industrien i fylket. Den har også bidrege med eit betydeleg tal arbeidsplassar og omfattande økonomisk verdiskaping for lokalsamfunna. Dei største kraftprosjekta og -selskapa er i offentleg eige i fylket, og mykje er på lokale hender. Over tid har det blitt store utbyte til kommunane og fylkeskommunen. For vertskommunane for produksjonsanlegga kjem det gjerne konsesjonskraft, konsesjonsavgifter, eigedomsskattar og naturressursskattar. Årleg får det offentlege tilført store summar til allmennyttige formål som skule, omsorg og infrastruktur. Samstundes er næringa mellom dei største støttespelarane til frivillige lag og organisasjonar som bidreg til aktivitet, trivsel og bulyst i lokalsamfunna.

Medan det dei siste par tiåra har vorte realisert relativt få store kraftprosjekt, har framveksten av småkraft vore formidabel. Allereie er fylket størst i tal realiserte prosjekt, og i følgje Norges Vassdrags- og energidirektorat har vi også det største potensialet for utbygging av småkraft. Med småkrafta står vi endå sterkare som energifylke. Ikkje minst utgjer det ein ny og kjærkomen næringsveg som supplement til mange gardsbruk. Vi skal heller ikkje gløyme arbeidet som blir gjort på nye energiformer, og våre produksjons- eller utviklingsmiljø for vindkraft, bioenergi, fjordvarme, og andre energiformer. I sum har om lag 800 tilsette kraftnæringa som arbeidsplass. Samstundes skjer det eit generasjonsskifte der ein ventar at heile 1/3 vil gå av med alderspensjon dei næraste 10 åra, noko som syner omfanget av spennande moglegheiter for dei som ønskjer å ta steget inn i denne næringa i framtida.

Lokal leverandørindustri

Skal ein sjå på den totale verdiskapinga og sysselsettinga i kraftnæringa må ein også ta med dei mange dyktige leverandørane vi har i fylket. Bygg- og anleggsbransjen er ein viktig samarbeidspartner som har bygd seg opp viktig kompetanse gjennom mange år, og som nok vil ha «hendene fulle» med alle dei prosjekta kraftnæringa skal realisere dei neste 10 åra. Vi har vårt lokale helikopterselskap, Airlift, som kvart einaste år bidreg med tallause tunge løft for næringa. Vi har verksemdene Norsun og Elkem Bremanger, som med sine totalt 214 tilsette leverer industriprodukt som vert nytta i solindustrien internasjonalt. Vi kan nemne eit av Noregs leiande data- og konsulentmiljø, Enoro i Dale, som leverer løysingar til nokre av landets leiande kraftselskap. Vi har dei lokale bankane, som bidreg med heilt avgjerande finansiering av mange av prosjekta i fylket. Slik kunne vi halde fram, for leverandørindustrien er mangfaldig og viktig for energifylket Sogn og Fjordane.

Kortreist kompetanse

Som energifylke kan vi ikkje berre basere oss på å hente ettertrakta kompetanse frå studiestadar i andre delar av landet. Derfor er det gledeleg at vi har ein høgskule som satsar sterkt på tekniske linjer og energirelatert kompetanse. I 2008 starta Høgskulen i Sogn og Fjordane med studieprogram og forsking innan fornybar energi, og for tre år sidan ingeniørutdanning innan elkraft. Heile vegen har dei hatt med seg næringsliv og kraftnæring som viktige støttespelarar. Seinast ved søknad til Norges Forskningsråd om midlar til forsking på lokale ringverknader av kraftproduksjonen, med støtte frå Sogn og Fjordane Energi, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Fylkeskommunen. Slike samarbeid har vore ein suksessfaktor for utviklinga av høgskuletilboda og ein vinn-vinn-situasjon for både høgskulen og næringslivet. Fylket har mykje å by på i skjeringspunktet mellom attraktive arbeidsmoglegheiter, gode oppvekstvilkår og varierte fritidstilbod, men med lokale utdanningstilbod aukar vi sjansane for å kunne halde på kompetansen lokalt.

Framtida er lys

Fornybar energi vil vere eit viktig og prioritert satsingsområde for Noreg i framtida. Nasjonale og internasjonale målsetnadar om meir fornybar kraft i energimiksen viser retning. Elektrifisering av transportsektor, bilpark og norske olje- og gassplattformer er døme på ambisjonane. Sogn og Fjordane set på ein viktig bit av nøkkelen. Ti prosent av norsk vasskraftproduksjon er allereie i fylket, medan eitt av fem norske vasskraftprosjekt som er til konsesjonshandsaming også ligg her. Vi har alle moglegheiter til å ta del i eit viktig industrieventyr om vi ønskjer det. For å klare det, og samstundes halde det meste av verdiskapinga lokalt, er det viktig at vi kjenner vår besøkelsestid og tek eigarskap til ressursane og prosjekta.

Vi må derfor arbeide for gode råmevilkår for både den tradisjonelle kraftnæringa og dei mange småkraftprodusentane. Vi må arbeide for nett og mellomlandskablar som gjev oss tilgang til nye marknadar og ein betre pris på råvara vår. Og vi må utvikle både lokal kompetanse og lokal leverandørindustri som kan bidra til å styrke konkurransekrafta vår. Og vi må tørre å kommersialisere innovative løysingar som kan ha eit nasjonalt og internasjonalt potensiale. Greier vi dette ligg alt til rette for ei lys framtid for kraftnæringa i Sogn og Fjordane og auka verdiskaping for lokalsamfunna våre.