Kronikk: Fagarbeideren er grunnfjellet i arbeidslivet!

Av Arvid Langeland, LO Distriktssekretær, Sogn og Fjordane

Store deler av arbeidslivet, både i offentleg og privat sektor, er helt avhengig i å ha tilsette fagarbeidarar i sine virksomheiter.

Det må satsast enda sterkare på fagarbeidarane i framtida, slik at denne kompetansen får større anerkjenning, auka status og få meir synleggjord denne viktige arbeidskrafta for heile arbeidslivet.

Det er bedriftsleiarar som har uttalt at «utan fagarbeidarane kunne vi ikkje ha eksistert».
Heile samfunnet vårt treng gode fagfolk og ungdom treng jobbar.

Fagarbeideren si rolle i framtidas arbeidsliv er ein viktig del av verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014 – 2025.

I denne planen, som no er på høring, seies det at flinke folk er den viktigaste ressursen vår og at hovedstrategien blant anna er : å legge tilrette for kompetanseutvikling, basert på både tradisjonar, handlag, yrkesfag og på akademisk kunnskap.

Å satse på yrkesutdanning for å møte næringslivets behov er og med å sikre konkuransekrafta.

Med fagbrev opnar det seg og store muligheiter for vidare og høgare utdanning. Ungdom som vel denne utdanningsvegen er dei mest attraktive på arbeidsmaknaden.

I Sogn og Fjordane utdannar vi over 500 fagarbeidar kvart år innan ca. 70 forskjellige fagområde, der dei største faga er innan tømrar, industri, elektro, yrkessjåfør, barne/ungdom og helsefag.
Det er over 1000 løpande lærekontraker i fylket og i tillegg kjem praksiskandidater i virksomheitene.

Yrkesfag er ei heilskaplig utdanning over 4 år der skule og arbeidsliv samarbeider om å formidle og samordne teori og praksis. Å føre ungdom til å bli sjølvstendige fagarbeidar som skal oppleve stoltheit, identitet og status i sitt yrkesval, må vere gull vert for norsk arbeidsliv.

Det er også utfordringar i fagopplæringa. Undersøkingar viser blant anna til mangelfull oppfølging og svakheiter i det statlige tilsynet og forvaltning av læreplaner. Læreplaner opplevast ofte som omfattane i mange fag og måla kan vere uklare.

Innan nokre fagområder i fylket er det og problem med å få lærekontrakt.

Så har vi problemet med forfall, spesielt innan yrkesfag, der for mange av ungdommane sluttar etter påbegynt opplæring.

Men det er og lærlingeundersøkingar, i vårt fylke, som viser at dei fleste som har valt yrkesvegen er svært godt fornøgd med si opplæring og yrkesval, noko som igjen bekrefta at vi har ungdommar som er både engasjerte og motiverte.

Dette viser og at både dei vidaregåande skulane og bedriftene gjer ein god jobb i å utdanne ungdom til interessante og viktige jobbar i arbeidslivet.

No ser vi at alt for mange av dei nyutdanna fagarbeidarane reiser ut av fylket, noko som svekker mange bransjar i kampen om verdifull arbeidskraft.

Det er no viktig at politikarar, bedriftene, fylke og stat tar fatt i utfordringane som her er nevnt og set igang tiltak slik at vi kan få ned forfallet, styrke yrkesutdanninga, ha fokus på kvalitet og gi lærekontrakter for alle som treng og ønskjer det.
Det er og viktig at fagarbeidar i alle fag viser stolteheit av sitt yrkesval.

Saman kan vi alle bidra til å vere med å løfte statusen for fagarbeidaren.

Vi må møte heile arbeidslivet sitt behov for faglært arbeidskraft med å utdanne enda fleire dyktige fagarbeidarar.