Kronikk: Lokalt eigarskap – ikkje for einkvar pris…

Av Halvor Flatland, leiar for Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane.

Ståstad – for ikke å sei bustad – har ofte mykje å seie for haldningane og perspektiva våre. Ikkje berre det – det påverkar også korleis vi forvalter det vi eig og har og. Slik er det også i næringslivet, der lokalt eigarskap til ei bedrift blir sett på som sjølve garantien for langsiktigheit, arbeidsplassar og tilbakeføring at overskot i ny og skapande lokal verksemd. Ideelt sett.  Men er det slik at eigarar busett i bygda alltid er den beste løysinga ? Og kan det tenkjast at det finns tilfelle der det både kan vere hensiktsmessig og naudsynt å knyte til seg alliansar og partnerar i eigarskapet? Alliansar i det lokale – men også utanfor?

Kvifor lokal eigarskap?

I ei ideell verd er fordelane med lokalt eigerskap mange. Med lokalt eigarskap mener ein her at eigarane er, bur i eller er i nær relasjon til det lokalsamfunent der ei bedrift eller ei verksemd er lokalisert. Her vil det lokale eigarskapet og den lokale eigarforankringa vere med på å sikre og bidra til at verdiskapinga blir att lokalt, både gjennom det å skape arbeidsplasser og å sikre at overskotet frå verksemer blir førd tilbake til lokalsamfunna som verksemndene er ein del av. Det gjev ringverknader og bidreg til nye satsinger og sosial bindingar av verdi for heile samfunnet.
I nokre samanhenger er denne lokale forankringa til og med lovfesta, til dømes  i landbruket der odelsloven nettopp mellom anna har til føremål å sikre og vidererføre det lokale eierskapet til landbrukseiendommene for igjen å bidra til busetting i bygdene, god ressursforvaltning og langsiktighet i næringa .

Kva trugar lokal eigarskap?

Samstundes har vi ei rad eksempel der utvanting av eigarskapet på kort eller lengre  sikt gjer at verksemnder og verdiskaping forsvinn frå dei lokalsamfunna dei er og var i. Vi ser bedrifter og verksemnder som bli styrt frå styrerom hundrevis av mil unna lokalsamfunna og av personer uten annen tilknytning til lokalsamfunna enn at dei har som mål å sikre ei høgast mogleg avkastning av drifta. Då blir det å sikre arbeidsplassar og busetting gjennom å føre tilbake forteneste og gevinst for å investere i nye lokale prosjekt mindre viktig. Det er nødvendigvis ikkje slik, men frykta er heilt klart reell nettopp fordi vi har sett det skjer! Vi har sett at lokale eigarar sel seg ut til ny store eigarkonstellasjonar. Vi har sett det som var sjølvstendige lokale verksemder bli filialar eller reine råvaraleverandørar. Og vi har sett at det lokale eigarskapet blir utfordra av konserndanningar,   børskrav og sett under press av andre økonomiske hensyn.

Alternativ til lokalt eigarskap

Men er det slik at  lokalt eigarskap alltid vil vere det beste? Kan det tenkjast at det finns situasjonar der det både er ynskjeleg og/eller naudsynt med  en samansetting av eigarskapet som går ut over det lokale?  For å utvikle norsk næringsliv har vi nasjonale strategiar som tek sikte på å få utanlandske investorar til å gå inn og  investere i norske bedrifter. Da kan vi ikkje stenge desse interessentane ute ved einsidig og for einkvar pris halde på lokal eigarskap som prinsipp.

Gløym heller ikkje at ei bedrift kan ha solid lokal forankring utan å ha lokalt eigarskap. Det fins mange døme på det Avery Denison NTP i Gaupne er eit av dei. Det er mange år sidan grunder Atle Gandrudbakken selde bedrifta til amerikanske eigarar, både før og etter salet har utviklinga i selskapet i indre Sogn vore eventyrleg.

I staden for lokalt eigarskap bør vi heller snakke om strategisk eigarskap. I ei globalisert verd er det viktig å sjå på kva verksemda treng for vekst og utvikling vidare, eller for å halde på den posisjonen ho allerede har. Kan hende verksemda treng strategiske alliansar, også på eigarsida,  for å utvikle seg. Eller det trengs kompetanse for å gjere det samme. Att dei som skal bidra med økonomi og kompetanse også tek tek plass som eigarar er ikkje unaturleg.

Innovasjon Noreg har berre eit lokaliseringskrav når det gjelde finansiering til verksemder, og det er at verksemda er registrert i Noreg og at verdiskapinga skjer her. Det viktigaste er kanskje ikkje om eigarskapet er lokalt eller ikkje. Det viktigaste er det at vi skaper levedyktige og framtidsretta arbeidsplasser som sikrar arbeid og verdiskaping og dermed levedyktige lokalsamfunn. Då gjeld det å ha gode strategiske alliansar som sjølv utan ståstad lokalt kan sjå verdien av å sikre lokal verksemd og verdiskaping.