Kronikk: Sjømat, framtidsnæringa for Sogn og Fjordane

Av Solveig Willis, Quality manager, Salmon Group AS.

Sogn og Fjordane er rik på fiskeressursar og kompetanse på fisk. Fiskeri og oppdrett står for ein majoritetsdel av matproduksjonen, og ein bør sjå desse næringane som eit ledd av ein del av ein samla strategi for fylket som matleverandør.
I verdiskapingsplanen som fylkestinget har vedtatt for perioden fram til 2025, er sjømatnæringane eit områda som skal bidra til måla om folketalsutvikling basert på dei naturgjevne fortrinna vi har. Potensialet i denne sektoren er enorm, men det vil krevje kloke og modige val i åra som kjem.

Næringane i dag

Kysten av Sogn og Fjordane har i stor grad bygd si utvikling på fiskeria. Framleis er nokre sterke miljø intakt, både når det gjeld pelagisk fiskeri, garnfiske og linefiske. Likevel er både flåte og fabrikkar truga av strukturendringar og tap av konkurransekraft. Kapitaltilgang, omstillingsevne og rekruttering vil vere kritiske faktorar for næringa sine framtidige relasjonar til fylket.

I havbruket har Sogn og Fjordane vore eit pionerfylke, med oppdrett av aure attende til 1960-talet. Lakseoppdrettsnæringa er i dag moderne og godt regulert, med ca. 50/50 deling mellom lokaleigde og eksterne aktørar. Der er framleis tre slakteri for laksefisk att i fylket. Desse tek hand om rundt halvparten av det produserte volumet, resten går til nabofylka. Og i havbruksnæringa går utviklinga mot færre og sentraliserte eigarar, men næringa i Sogn og Fjordane har hatt ein stabil struktur dei siste 10 åra.

Satsinga på torskeoppdrett har vore stor i fylket. Utfordrande marknadssituasjon har redusert aktiviteten i denne bransjen betydeleg dei siste åra, noko som inneber høg risiko for tap av opparbeida kompetanse. Fylket har og innovative aktørar som satsar på kveite, tare og reinsefisk til oppdrettsnæringa.

Arealtilgang og strategiske strukturar

Tilgang på eigna areal er kritisk for havbruket sitt produksjonspotensiale. Lokalitetsstrukturen må leggast opp strategisk i høve til miljø og fiskehelse, og i samsvar med andre arealinteresser. Dette fordrar godt og oppdatert planverk. Fylket har betydelege areal som er verna, og dette avgrensar tilgangen på nytt areal. Betre utnytting av dagens lokalitetar vil difor vere ein naudsynt del av løysinga på framtidas arealspørsmål. Landbaserte løysingar vil ha trong for areal i strandsonen, dette bør tas høgde for i framtidig arealplanlegging.

Prioritering av brukarinteresser er ein viktig del av arealplanlegginga. Ved sidan av naturvern, er interesser som industri, gruvedrift, sjøfart, havlokalisert vindkraft og fritidsbruk med og konkurrerer om sjøareala. Og mellom fiskeri og havbruk finst der interessemotsetnader. Det er avgjerande at desse interessa vert vurdert i ein heilskap når ein planlegge arealbruken. Fragmenterte arealplanar kan gje ein ubalanse av prioriteringar for areal på fylkesnivå.

Kunnskapen om dei ulike typane av arealbruk sin innverknad på kvarandre er avgjerande for optimal utnytting av områda. Først og fremst handlar dette om påverknad under havflata, i form av industriell påverknad på vassmiljø og påverknad mellom oppdrettsfisk og villfisk.

Samfunnsstruktur og rekruttering

Havbruk og fiskeri er typiske distriktsnæringar, og naturlege satsingsområde i Sogn og Fjordane. Samstundes betyr det at næringa merkar dei klassiske utfordringane til distrikta; variabel infrastruktur, manglande senterfunksjonar, avgrensa bu- og arbeidsområde og vanskar med å få ungdom til å etablere seg.

Den vidaregåande utdanninga i fylket har i dag låg søknad til havbruksfag, noko betre til fiskerifag. Fylket manglar og tilbod for høgare utdanning for sektoren. Ei styrking av den vidaregåande utdanninga bør skje, til dømes gjennom ei oppgradering av utstyr som skuleskip og etablering av ei undervisningskonsesjon i akvakultur.

Å lukkast med å rekruttere ungdom inn i fiskenæringane, er avgjerande for busetnaden i fylket, og for næringane sin vidare posisjon. Utdanning og arbeidsliv må leggast til rette på ungdomen sine eigne premissar, med satsing på attraktive utdanningstilbod, arbeidsplassar og bumiljø. Samstundes må næringane bli flinkare på å synleggjere sine kompetansebehov.

Innovasjon, nyetablering og auka verdiskaping

Fylket har eit stort vekstpotensiale på fangst og oppdrett av fisk, men ein bør og auka verdiskapinga frå andre ledd av sektoren. Innovasjon og produktutvikling vil vere sentrale trekk for å skape meir ringverknader av eksisterande næring.

Etablering av klynger og sentraliserte industri- og kompetansemiljø, er viktig for å auke innovasjonsevna. Ein bør og dra nytte av kunnskap på tvers av sektorar, til dømes mellom offshorenæring og havbruk. Verkemiddelapparatet må koplast opp mot næringsklyngene for å sikre risikokapital, og innovasjon må skje på initiativ frå næringa. Slik sikrar ein at nyskaping vert omsett til praksis.

Konklusjonar

Innspela frå sjømatgruppa’s rapport til verdiskapingsplanen, set fokus på utfordringar og moglegheiter for sjømatnæringane i fylket. Leverandørindustrien er viktig for dei marine næringane si innovasjonsevne og auka produktivitet, som må til for å oppretthalde konkurransekraft og ei sunn utvikling. Sogn og Fjordane har ingen bransjeretta kompetansemiljø med tyngde eller kapasitet, og få bransjeretta leverandørar. Fylket har heller ingen kunnskapsmiljø innan sjømatnæringa utover vidaregåande opplæring. Oppdrett av laks og aure er det segmentet i sjømatsektoren som skapar dei høgaste årsresultata, men og foredling og sal/eksport syner positive årsresultat. Nyetableringar innan marine næringar ligg under nivå på Vestlandet og det er større nedgang i tal nyetableringar enn hos nabofylka. Arealtilgang er eit område som arbeidsgruppa ser som største utfordring for vekst, sjølv i eit fylke med låg utnyttingsgrad av sjøareala.