Kronikk: Verdiskapingsplanen, fakta og myter

Av Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Høyringsperioden for verdiskapingsplanen går mot slutten. Då kan det vere greitt å i alle fall få slått fast nokre fakta som ser ut til å gleppe for mange. Så langt har debatten diverre vore prega av at planen har for lågt ambisjonsnivå og satsar på for mange felt. Få har sagt noko om korleis vi faktisk skal skape næring i Sogn og Fjordane framover. Hovudutfordringa er å flytte oss sakte over mot ei kunnskapsbasert verdiskaping med basis i dei næringane vi kan mykje om frå før, og dei ressursane vi disponerer. Så enkelt og så vanskeleg.

Kven eig planen

Partnarskapen er ikkje «fylkeskommunen sin plan». Rett nok er fylkeskommunen leiande partnar, men både Innovasjon Norge, fylkesmannen, KS, NAV, NHO, LO og høgskulen har delteke i utforminga av både planprogrammet (temavalet) og sjølve planutkastet. Alle ved toppleiarar på sine felt. Næringslivet skal halde på med det dei er gode til, denne planen er for dei som skal assistere verksemdene i utviklinga. Dette er altså planen for hjelparane.

Ambisjonar?

Truleg er vi dårlege pedagogar. Dei fire åra frå 2008 til 2012 vart det skapt 1900 nye arbeidsplassar (ca) i Sogn og Fjordane. I same periode forsvann vel 1500. Nettoauken var altså 400 på 4 år, dvs 100 i året. Dersom vi ser på prognosane framover, så tilseier det 20 arbeidsplassar i året i netto auke. Det er svært vanskeleg å seie om målet er å auke meir enn vi har gjort historisk, fordi vi ikkje kjenner avskalinga frå nokre næringar som har rasjonalisert enormt dei siste åra, til dømes landbruk og industri. Det kan ikkje rasjonaliserast inn i æva.

Kan vi styre utvikling?

Vi trur at det som skjer er vanskeleg å sjå i forkant. Dei viktigaste tema i planen er difor næringsnøytrale, det handlar om å vere budd på det som måtte komme, og gjeld alle: Det gjeld (1) nyskaping, som handlar om å få skapt meir næringsaktivitet, både frå eksisterande verksemder og i nye. Det andre feltet er (2) kunnskap, som handlar om korleis vi kan integrere kunnskapsutvikling. Så er der nokre bransjeorienterte satsingar. Dei viktigaste for planlegginga no har vore fornybar energi og sjømat, rett og slett fordi vi har store ressursar og framleis kan ta ein posisjon.

Næringslivet har leia arbeidsgruppene

Der har vore tre viktige arbeidsgrupper i gang. Dette er sjømat, som har vore leia av Solveig Willis, fornybar energi som har vore leia av Terje Gjengedal, og kunnskap , leia av Atle Hamar. Det er lagt ned ein stor innsats, og deira innstillingar ligg offentleg tilgjengeleg.

Forma, sluttproduktet.

Dei som utrykkjer otte for 60 sider pluss vedlegg, kan vi roe ned med at dette kjem til å bli eit dynamisk dokument på nett, med høve til å skrive ut for dei som vil ha papir. Men først må vi altså bestemme kva som skal stå der, og der kan du som privatperson også delta!