Ordforklaringar

Partnarskapen

Omgrepet partnarskap vert brukt ofte i dette dokumentet. Vi har tre forståingar av dette omgrepet:

  • Oftast snakkar vi om Næringsforum som partnarskapen på leiarnivå
  • Petroleumsrådet er partnarskapen innan olje og gass
  • Den operative partnarskapen er dei som samarbeider for å gjennomføre satsingane. Samansetjinga varierer, men Fylkesmannen, fylkeskommunen og Innovasjon Norge er som regel involverte. Kommunane skal bli ein viktig partnar.

Vi deler iverksettinga i fire kategoriar:

1. Program

Det vert oppretta ein programorganisasjon når fleire aktørar må arbeide tett i lag for å nå resultat.

2. Avtalt arbeid

Dersom eit større arbeidsfelt kan gjennomførast i ein organisasjon, vert arbeidet avtalt og plassert i «lina».

3. Retningslinjer

Ofte kjem det gode initiativ utanom det avtalte utviklingsarbeidet. Felles retningsliner handlar om korleis partnarskapen både oppmuntrar til og reagere på viktige initiativ.

4. Politiske problemstillingar

Politiske problemstillingar i teksten som følgjer, er ikkje ei uttømmande liste. Føremålet er å liste opp viktige tema for politisk handling.

Ansvar

  • Å ta på seg ansvaret for ei satsing inneber først å ta ansvar for å utvikle satsingane vidare til operative program og prosjekt.
  • Verdiskapingsplanen syner ansvar for vidare arbeid med:
    • satsing
    • som del av ei satsing
      • Program
      • Avtalt arbeid