Politiske problemstillingar

I verdiskapingsplanen er det forsøkt å skape sterkare medvit om skilnaden mellom fagleg og politisk arbeid. Dette skiljet er ikkje skarpt. Vi kan sjå opplistinga av politiske problemstillingar i verdiskapingsplanen som eit uttrykk både for at partnarskapen anerkjenner at nokre oppgåver primært er politiske, og at partnarskapen ønskjer politisk drahjelp knytt til dei formulerte problemstillingane.
Temaet politiske problemstillingar er ikkje vidareutvikla i handlingsplanen. I sjølve handlingsplanen er det skrive at arbeidet for gode rammevilkår er den viktigaste politiske oppgåva. Utdraget som følgjer, vert teke med i saksframstillinga for å understreke oppgåver som krev særskild merksemd i det politiske arbeidet.
Infrastrukturutvikling
I avsnitt 6.4 i verdiskapingsplenen er det formulert innsats innan desse 4 infrastrukturområda:

  • Kunnskapsinfrastruktur
  • Samferdsleinfrastruktur
  • Breiband og mobil infrastruktur
  • Ressursplanlegging og arealplanlegging.

Nyskaping

Innleiingsvis i planprosessen omtalte vi arbeidet med nyskaping som «infrastruktur for nyskaping». Innhaldet handlar derfor i stor grad om politikk:

  • Offentlege tenester
  • Utvikling av næringsapparatet
  • Tilrettelegging for entreprenørskap
  • Verkemiddelpolitikk.

Det vert derfor ikkje trekt ut særskilde politiske problemstillingar frå dette arbeidsområdet

Satsingane

Teksten nedanfor er direkte utdrag frå avsnitt i verdiskapingsplanen.

Kunnskap

– Utflytting av statlege arbeidsplassar frå sentrale område; mellom anna for å styrkje næringsmiljø.
– Utvikling av opplæringsinfrastrukturen:

  • Ved hjelp av ny teknologi.
  • Ved betre samspel mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning.
    – Regjeringa signaliserer ønskje om større universitets-høgskule einingar. Vi må overvake kva konsekvensar dette får for nærleik forsking – arbeidsliv.

Fornybar energi

Rammevilkåra rundt næringa er mange. Prosessar for å avklare areal- og interessekonfliktar er kjende og viktige. Fylkeskommunen har arbeidd med arealavklaringar for småkraft og for vindkraft.

Ulike reglar og reguleringar innan fornybar energi pålegg næringa store ekstra kostnader.
Viktige politiske problemstillingar er:
1. Utvikle samarbeid i energibransjen for å utvikle eit sterkt næringsmiljø i Sogn og Fjordane.
2. Handsamingstid for konsesjonar for fornybar kraft – elsertifikat etter 2020.
3. Grunnrenteskatt.
4. Regionalnett – tariffar.
5. Vassdirektivet/vilkårsrevisjon.
6. Betre rammevilkår i form av redusert avgift for energi-intensiv verksemd utanfor tradisjonell industri, blant anna datasenter.

Desse infrastrukturtiltaka vert trekte fram som særleg viktige:

  • Utdanning – Studieplassar på elektro i fylket. (Næringa ønskjer fleire klasser innan elektro på dei vidaregåande skulane i fylket.)
  • Breibandutbygging.

Sjømatnæringar

  • Prioritere kunnskapsutvikling for å sikre berekraftig utvikling av sjømatnæringane.
  • Påverknad nasjonalt og internasjonalt for å redusere risiko for ureining av havmiljøet. Sjømatnæringa er avhengig av reint vatn i kyst og fjordstrok, for å kunne oppretthalde hausting av fiskeressursar og auke oppdrettsproduksjon.
  • Kunnskapsgrunnlag for å avklare interesser og sikre forsvarleg miljøtilstand:
    – Mogeleg handtering av utrangerte oljeplattformer eller reparasjon og vedlikehald av oljeplattformer må i tilfelle sikrast i høve ureining langs kysten.
    – Sogn og Fjordane har enno god plass til fleire akvakulturlokalitetar og auka produksjon gitt at kunnskapsgrunnlaget vert utvikla. Vi bør arbeide for at nye konsesjonar kjem til fylket.
  • Arbeide for å oppretthalde lokalt eigarskap gjennom å sikre gode rammevilkår for små og mellomstore sjømatbedrifter.
  • Arbeide for ringverknader ved at vertskommunane får ein rimeleg del av verdiskapinga.
  • Politisk arbeid for å utvikle verkemiddelordningar som styrkjer innovasjon og nyskaping:
    – Styrkje ordningar med offentlege utviklingsmidlar/ eigenkapital i perioden mellom gründerfasen og kommersialisering.
    – Politisk påverknad for å utvikle nasjonale finansieringsløysingar for å støtte teknologiutvikling og utprøving av pilotar (prototypar).
    – Prioritere bedriftsutviklingsmidlar retta inn mot produkt- og marknadsutvikling (ref. delmål 1.2). Konkurransetilhøva for industrien krev spissa satsing på kvalitetsprodukt som er tilpassa direkte konsum.
    – Storparten av verdikjeda for torskeoppdrett er lokalisert til vårt fylke. Det er behov for å ta vare på kompetansen som er bygd opp rundt torskeoppdrett og marin yngel-produksjon.

Reiseliv

Reiselivsnæringane i distrikts-Norge er avhengig av nasjonale rammevilkår for å utvikle seg, og for at ressursane i fylket kan nyttast fullt ut. Nedanfor er det lista opp kritiske suksessfaktorar som må løftast politisk for å nå måla.

  • Fellesgodefinansiering.
  • Offentleg finansiering av destinasjonsselskap som pådrivarar for reiselivsutvikling i sine regionar.
  • Utnytting av verneområde i fylket til bruk i reiselivsverksemd.
  • Trong for utvikling av gode måleverktøy for utvikling av reiselivsnæringa med omsyn til mellom anna gjestedøgn.

Olje og gass

Mandatet til petroleumsrådet er å arbeide for å styrkje industriell utnytting av olje- og gass-ressursane i Sogn og Fjordane. Petroleumsrådet skal halde seg oppdatert om utviklinga innan olje- og gassektoren og prioritere særleg desse felta:

  • Feltutbyggingar
  • Ilandføring
  • Industriell utnytting av gass på land
  • Florø som drifts- og baseby
  • Konsesjonsrundar.

Petroleumsrådet skal representere fylket når det gjeld kontakt med oljeselskap, styresmakter og andre. Vedtektene definerer ikkje tydelege eksplisitte mål for arbeidet, men i lys av utviklings-analysen, vil naturlege målsettingar vere:

  • Vekst i petroleumsrelatert sysselsetting og i Sogn og Fjordane.
  • Fleire operatørselskap etablert i Sogn og Fjordane (og fleire arbeidsplassar innan operatørselskapa).
  • Fleire leverandørselskap innan sektoren etablert i Sogn og Fjordane (og fleire arbeidsplassar innan desse).
  • Fleire funksjonar til fylket og høgre kompetanseinnhald i denne delen av næringslivet.

For å sikre eit sterkast mogeleg petroleumsmiljø i fylket, er det viktig at vi prioriterer miljøet knytt til oljebasen i Florø. Underleverandørar til petroleumsaktiviteten kjem frå ulike delar av fylket.