Samandrag

Framsidefoto av skikøyrarar, Fjordbase i Florø, sunsea-plattform, gründerar på idèdugnad og kokkar frå "Taste of Måløy".

Foto: SGN skis (Sogn Avis/Håvard Nesbø), Taste of Måløy (Eivind Husabø), Fjordbase (Harald M. Valderhaug), Subsea (Høgskulen i Bergen), Gründer-etablering (Jo Bergersen).

Fylkestinget har sett folketalsutviklinga som hovudutfordring for Sogn og Fjordane. I verdiskapingsplanen er målet om folketalsutvikling ført vidare til ein ambisjon om arbeidsplassvekst. Målet er ein netto årleg arbeidsplassvekst på 100. Dette føreset 500 nye arbeidsplassar kvart år.

Fylket må tilby attraktive arbeidsplassar. Vi konkurrerer om kvar folk skal velje å busetje seg, og vi konkurrerer om kvar dei utfordrande arbeidsplassane vert etablerte.

Flinke folk er den viktigaste ressursen vår. Hovudstrategien er derfor

  • nyskaping basert på dei naturgjevne fortrinna vi har
  • å vere attraktive for folk som vil skape arbeidsplassar
  • å legge til rette for kompetanseutvikling, basert på både tradisjonar, handlag, yrkesfag og på akademisk kunnskap

Målsettinga om arbeidsplassvekst skal vi nå gjennom:

  • Nyskaping: Det offentlege skal utvikle evna si som god hjelpar.
  • Kunnskap: Ei bransjenøytrale satsing som også inkluderer offentleg produksjon.
  • Bransjesatsingane: Utviklingsarbeid knytt til naturgjevne føremoner.

Viktige bodskap i verdiskapingsplanen:

  • Vridinga i verkemiddelbruken for å skape fleire arbeidsplassar knytt til dei ekspansive tenesteytande og kreative næringane; arbeidsplassar som er attraktive for godt utdanna ungdom.
  • Ei slik vriding av arbeidsplassveksten må skapast gjennom ringverknader frå dei sterke primær- og sekundærnæringane våre; gjennom underleveransar og nyskaping. Lokalt eigarskap er vesentleg for å sikre slike ringverknader.
  • Bedriftsleiarar, offentleg forvaltning og forskings- og utdanningsmiljøet må bli meir synlege for kvarandre.

Samfunnsansvar er ein premiss for alle satsingar. Dette betyr at vi ikkje prioriterer aktivitet basert på sosial dumping eller uforsvarleg bruk av naturressursar.

Dei nye arbeidsplassane vil i aukande grad vere internasjonalt orienterte. Ungdommen vår må få ei utdanning som sikrar internasjonal kompetanse. Ikkje minst unge jenter skal oppleve Sogn og Fjordane som attraktivt. Arbeidsinnvandrarar må møte eit Sogn og Fjordane som veit å syne godt vertskap.

Det skal bli utforma forpliktande partnarskapsavtalar mellom dei som har roller i iverksettinga av planen. Kommunane skal bli ein viktig partnar.

Planen skal legge grunnlaget for langsiktige satsingar. I første omgang er tidshorisonten 2025.